lørdag 9. april 2011

Då tullemor måtte trekke tann


Mannen rydda på kameraet sitt i dag. Då dukka det opp bilder av då tullemor måtte trekke tanna si.

Ho datt ein dag i barnehagen, slo framtanna si. Vi var til tannlegen med ein gang, og ho sa at det verste som kunne skje, var at det gjekk betennelse i den. Og det gjorde det. Einaste utveg var å trekke den.


No er vi så vane med det, at vi tenker ikkje øve at ho måtte trekke. For tullemor er tøffare enn toget. 

fredag 8. april 2011

Oppdaga at der er to av oss...


I da eg leste bloggen til Emmeline i dag, oppdaga eg at SOLVEIG MED BLOGGEN KVARDAGSGLEDER har levert inn desse kyllingane til Emmeline sin påskeutstilling som ho skal ha for NRK1.

Eg måtte då sjekke ut dette, for eg er jo Solveig med bloggen Kvardagsgleder.....

Det var då eg oppdaga det....der er to av oss....

Der finns ei anna Solveig med ein blogg som heitter Kvardagsgleder. Du kan sjå den her:  http://solsaum-kvardagsgleder.blogspot.com/ om du vil.

Bildet har eg lånt av Emmeline.

onsdag 6. april 2011

Skoskap


Endeleg har malinga tørka, både inni og utanpå skuffene! Og eg er svært nøgd!


Som vanleg er eg så ivrig etter å setje i gang, at eg gløymer å ta "før" bilde....jaja, det var sånn vanleg trefarga skoskap frå Ikea.


Nye knottar frå Stemning!




"Dameskoa" er på plass.


Her er beviset på at eg har gjort jobben sjølv. 



Fargen denne gangen heitte Ascott.

Ein herleg fridag er over. Eg har fått gjort veldig mykje i dag og, som den effektive husmora eg er! No ventar sofa, opptak av "Brutte Løfter", stearinlys og ei saftig appelsin:-)

tirsdag 5. april 2011

Djup konsentrasjon


Når ein skal gjere ein skikkeleg jobb, er det viktig å konsentrere seg. 

Tullemor helde på og slutte med bleie. Den går forholdsvis bra, og ho sit av og til på potta når ho skal bommelom. Bimmelim gjer ho på do. 

Ho set seg til rette, jagar oss ut ( det har eg prøvt i 6 år og.... ) og set seg til med Sabeltann blad.

Det er heilt fantastisk å følge utviklinga til ungane, eg vert mållaus fleire gonger om dagen!

mandag 4. april 2011

Skiglede


Nokre gonger må eg ta med situasjonsbilder her på bloggen, og her er eit slikt: to gullunger i ei snøfonn i Fjellhaugen, ventande på pølsene som pappa grillar. Kaptein Sabeltann er med, passar like godt på fjellet som ved sjøen!


Far, som ikkje måtte opp kl 05.30 denne dagen, er sjølvsagt opplagt og smørblid pølse-grill-sjef!


Som mor er eg alltid stolt av guten min, men at han som ikkje er bitten interessert i å gå langrennski, og ikkje akuratt jublar når det er komme nysnø ute....er blitt den alpint køyraren! Og då er det viktig at vi som foreldre og stiller opp. Så no har vi invistert i alpinutstyr heile gjengen. Til neste år skal tullemor og få vere med!!