lørdag 13. april 2013

Krakken er "blitt ny"


Den gamle krakken har fått nytt liv...igjen.
Denne gangen i finaste fargen eg veit for tida,
nemleg rosa.

Interiør og klær i samme farge for tida.
To rosa bukser,
eit par rosa toppar,
rosa puter,
rosa lakk på negler og
 no; rosa krakk.


Sola skin så flott inn i stova mi på morgonkvisten.
Vi må bare nye det i dag,
sitje ute og drikke kaffien kanskje?
Lese eit nytt interiørblad?
Eller gå på jobb i hagesenteret og hjelpe plantelystne kundar, sånn som meg i dag.


I haust testa eg ut ein av dei nye haustfargane til Jotun.
Den var veldig fin i haust, men no trong den ein liten "makeover".


Sidan dette er ein "pyntekrakk" så sprayar eg den.
Kjapt, bare spray på..vent litt,
tørr og klar.


Spray er bare genialt.

Usikker på kor eg kjøpte denne sprayen, men Europris og Mekk sine er heilt supre,
og til ein grei pris.

Nyt laurdagen, enten det er sol eller ikkje.

fredag 12. april 2013

Bli med på Diana si utfordring


Diana med bloggen MyDream vann den lokale redesign konkurransen som Grenda arrangerte.
Ho vann med dette skåpet:


No har Diana ei utfordring der du kan vise din DIY (DoItYourself)
og vere med i konkurransen om dei flotte premiane som vist øverst.

Klikk her så kjem du direkte til utfordringsinnlegget.

Fristen er søndag kl 24.00.

Lykke til!


torsdag 11. april 2013

Lukka er fullkommen


Etter veker med venting, lengsel, håp og glede, 
kom dei...

Sofaen Skandinavia frå Bolia

Ikkje berre ein, men TO.


Dei var sjølvsagt like perfekte som eg drøymte om.

Stoff: Nantes
Farge: Antrasitt
Type: Scandinavia
Størrelse: 2, 5 seter
Stålbein 12 cm

Eg har eit ganske godt augemål, om eg skal sei det sjølv. 
Så når eg såg for meg korleis dette kom til å bli, så vart det sånn.
Før huset var ferdig var eg heilt sikker på at eg ville ha ein stor U sofa, bygd med modular og greier.
Eg høyrde heldigvis på gode råd om å "bu seg inn" i det nye huset,
og venta med sofakjøpet.
Ein U sofa ville ha "stengt" igjen for ein del utsikt her i stova.
To slike sofa mot kvarandre er betre.

Eg er fornøyd.



Bordet er og nytt, kjøpt på Bolia det og.


No vurderer eg å kjøpe eit nytt Papellina-teppe til å ha her,
men eg må bare spare litt til...

No skal eg setje meg i sofaen og ha meg ein bloggrunde.
Eg har vore oppteken kvar kveld denne veka, i tillegg til jobb, 
så i kveld skal det bli godt å setje seg ned og vite at eg har fri i morgon!

Åhhh, eg er så fornøyd med den nye såffan min!"!

søndag 7. april 2013

Det var vår....


På fredag var det vår hos meg.
Eg gjekk ute i bare singleten....nesten.... eg sat i sola og den varma godt.
Vårinspirasjonen kom i store dosar.

Nyplanta stedmorsblomar, I love it!!


Til og med katten synst livet var hærleg.

Palletrappa lenge lever....

Ny trapp er på gang.....til helga kanskje?


Med desse bileta vil eg hugsa korleis den siste månaden har vore,
for den har vore så flott.

MEN 5 CM SNØ 
var vel ikkje det eg ville vakna til ein laurdagsmorgon i april...

Eg veit at "sånn er det kvart år",
kunne vore det forutan likevel.


Ny veka nye mulighetar.
Har mykje som skal skje frametter,
og alt er på det positive planet.
Derfor velger eg å ikkje irritera meg over snøen som falt i fjor 
( eller i går)

men heller fokusera på at det er sol,
og at på onsdag kjem det to stykk sofa og eit bord!!