torsdag 23. juli 2015

Ferie 2015, del 1: Oslo

Ferien 2015 er godt i gang.
Vi er i slutten av juli og tåka ligg tjukt 
nedover fjellsida.
Det er 13 grader ute og leggane er like 
bleike som dei var i mars.
Absolutt ingenting vi kan gjere med det,
må bare ta det som det kjem.
Takk og lov for at det finns ull.

Det er då eg tek fram feriebildene 
frå turen vår med bubilen,
for der hadde vi det fint!

Her er gjengen min:


Vi starta turen i Oslo i år.
Ungane har lenge hatt eit ynskje om å få reise 
til Oslo og sjå slottet.
Så då starta vi turen vår der.

Vi budde på Ekeberg Camping,
eit godt utgangspunkt for Oslo tur.
Med utsikt over byen og Holmenkollen 
kunne vi planlegge dagen vår.


Turen starta med buss ute til Bygdøy og KonTiKi museumet.


Junior har sett den nye filmen om KonTiKi og synst det var stas å sjå
den ekte flåta til Thor Heyerdal.
Kjekt for oss alle.


Nydelig sol heile dagen,
og vi tok båt tilbake til Aker brygge og Rådhusplassen.


Junior er oppteken av historie,
og han spør mykje.
Vi svarar så godt vi kan,
men kjenner at eg godt kunne ha visst mykje meir.
Krigen er eit interessant tema,
og mange minnesmerker måtte studerast.


På rådhusplassen møtte vi denne karen.
Fasinerande.

( men kunne vore litt meir gjennomført , synst no eg...)


I 1989 var eg på speidarleir på Skaugum.
Vi hadde utflukt til Oslo og eg har bilde av meg 
sjølv forann denne fontena.
Kjekt å ha likt bilde i 2015 og.


Vi spaserte vidare,
og endelig kunne vi sjå slottet.
Ungane synst det var stor stas,
og det er så kjekt å sjå at ungane likar dette 
like mykje som mammo.
Og sidan vi liksom nettopp har vore 
saman med Dronning Sonja,
så føltes det som om vi skulle 
på besøk til ei vi kjente.

Ho var desverre ikkje heime....


Det er godt å sjå tilbake på bildene,
og hugse på at vi har hatt fint vær, 
og vi kosa oss masse.


Det kjem meir frå turen våras i neste blogginnlegg.