lørdag 23. november 2013

Vinterstemning


Det vart aldri til at eg deltok på NIB si utfordring denne månaden,
men gjett om eg har gjort mange stylingar rundt om, som eg kunne ha brukt,
og som har gitt meg vinterstemning.



Hay DLM bordet er blitt eit favorittmøbel.
Eg fekk det av mannen til bursdagen,
kjøpt på Ølen Møbler.


Oppå bordet har eg Kähler sine nydelege juletre-lysestakar.
Dei kom i posten som ein førjulsgåve til meg sjølv.
Men eg manglar eitt,
og det ynskjer eg meg veldig til jul!


Lerkegreiner,
eg kan bruke dei overalt.
Dei er så dekorative,
lette å bruke.


Urbania lyshus frå Kähler.
Eg har klart å bare kjøpe eit,
fordi eg ynskjer meg dei andre til jul!!!
Viss eg skulle kjøpe alt eg har lyst på,
så hadde det ikkje vore noko på ynskjelista,
og sånn skal det ikkje vere.



Svibel i Wiik & Walsøe skål.
Eit godt tips er å ikkje gje svibelen vatn,
då veks den VELDI seint.
Iallefall likar eg dei best når dei er som denne.
Denne har eg hatt i fleire veker no.

Eg flyttar rundt på tinga mine, 
plutselig har dei fått seg ein ny plass å bu.

No står dei her, i morgon står dei kanskje der.

No er det finale i "Skal vi danse",
kven heiar du på??

Fin laurdag til alle.



mandag 18. november 2013

"Jul i Rosendal"




Det nærmer seg jul, og det nærmer seg "Jul i Rosendal"

God gamaldags julastemning med lukta av varme smultringar, kakao og nysteikte mjelkekaker. Ta med deg ungar og tanter, bestemor og bestefar. Her vil foregå mykje spanande ikkje minst for barna.

På marknaden kan du få kjøpt tøffe tova tøfler og anna handlaga av ny og gamal sort. Kortreist pinnakjøt, hjortapølse, julekaker og anna etande. Her kjem utstillarar frå Haugesund til Voss. 

Dette er noko av det som beskriv denne flotte julemarknaden som vert arrangert 
fredag 6. og laurdag 7. desember 2013.

Gå inn her for å sjå program, oversikt over utstillarar mm.

Eg er heldig som får vere med i arrangementkomiteen i år.
Dette er eit julemarknad eg gler meg til kvart år.



Tema i år er 

SNØKRYSTALLAR

Kvart år lagar barnehagar og skular i området sitt bidrag til temaet,
som vert samla til ei stor utstilling i lokala til turistinformasjonen i Rosendal.



Mammo mi og ei veninne av henne har dei siste åra hatt kurs i å steike mjølkekaker.
Det skal dei i år og, torsdag 5. desember kl 18 og
søndag 8. desember kl 11.

Dersom du har lyst til å lære dette,
kan du melde deg på ved å ta kontakt med meg!

Bur du i området, synst eg så absolutt at du skal ta turen til Rosendal og delta på

"Jul i Rosendal"

Eg er der, med nissehua på :-)


Alle bileta er henta og lånt frå nettsida til "Jul i Rosendal"