I dag vil eg gje dykk ei blogganbefaling. Det er til bloggen "My Dream", som min kjære nabo, Diana, har oppretta. Og når eg ser på alle innlegga ho har klart å lage på 2-3 dagar, så trur eg ho rett og slett er hekta!!
Diana og mannen, saman med 2 små skjønningar, kjøpte huset vi leigde i sommar. Så irritasjonen over å måtta flytta IGJEN, vart overskygga av at vi fekk kjekke naboar!
Dei har totalt-endra huset, omtrent før vi var ute ( eller da va vi ikkje, for halve garasjen var fult i rotet vårt) hadde dei mala stova, lagt nytt golv, skifta lister...ja, you name it.. Huset er kjempeflott, og Diana er kreativ til tusen. Ta ein kikk på bloggen hennas, så får du mykje inspirasjon: