lørdag 1. mai 2010

Roser


I fjor på denne tida, var det at eg fekk skikkeleg sansen for roser! Eg har alltid likt roser som blom, men no kom og gleden av roser på dukar, puter, koppar etc. Synd at roser som blom ikkje står seg så lenge, verken avskorne eller i potte. Men eg nyter dei den tida eg har dei!!


I dag fann eg ut at eg skulle dekorere kjøkkenbordet.

Hos oss er det veldi lite praktisk å ha slik pynt på kjøkkenbordet, fordi det er her vi et (fleire gonger om dagen), leike med modellkit, maler/teiknar, les avisa etc! Så den varer vel heilt til sånn i 7 tida i morgon tidleg når prinsessa skal ha skjeva! Men som eg sa istad, eg får nyte det så lenge eg har det!!

onsdag 28. april 2010

Ny bukse!


I dag fekk eg pakke frå Spar Kjøp ( tok faktisk bare tre dagar frå eg bestilte til pakken var på plass!) og deriblandt denne buksa til prinsesso! 
Den skulle sjølvsagt på med ein gong. Og at resten av kleno ikkje  matcha, brydde ikkje ho seg om.... Eg måtte difor "smi mens jernet er varmt", og tok den på. For som de kanskje har fått med dykk, så er det ikkje alt denna jento vil ha på seg.... Tenk så deilig den blir å ha på til sommaren då!

mandag 26. april 2010

Sunnheten sjølv!

Eg har starta eit prosjekt med såing. Og vart då veldig glad då eg fann desse spireboksane i hagesenteret Bo Grønt Fredheim Gartneri (Reklame Reklame)! Greit å "så" inne utan jord overalt.

Desse boksane var nette og greie å handtere.
Her ser du alfaspirer, som er veldig gode på kvitost, leverpostei etc. Og kan brukast i salatar.

Her har vi bønnespirer, som kan brukast i wok, på smørbrød og i salatar!

Dei får næringa si ved at eg skulle skylje dei 2-3 ganger om dagen, og stå mørkt i 2-3 dagar. Eg sette dei berre i eit kjøkkenskap, og det funka bra! No skal dei stå i glaskarmen til dei er klare til å ete! I tillegg har vi sådd den tradisjonelle karsen. Kjekt med litt gode lukter på kjøkkenet!