lørdag 12. desember 2009

Blogganbefaling

I dag kom eg over ein flott blogg som du kan lese meir om her . Mykje godt her, så stikk innom og sjå du og!

I dag e da kaldt og fint ute. Rim på bakken e vel da nærmaste vi kjeme snø på ei stund???

Denne dagen byrja før kl 6, så no kl 9 e da langt på dag! Prinsen skal i bursdag idag, og etterpå skal vi tre til vår kjære Anita og ete pizza og godteri! Nam nam. Vi gler oss, Anita!

torsdag 10. desember 2009

Og vinnaren er...

Vinnaren av førjulskonkurransen min er: LAILA

Min gode kollega vil sjå premien stå på kontorpulten sin når ho kjem på jobb på mandag. GRATULERE!

tirsdag 8. desember 2009

Oppskrift!

Anita lurte på om eg delte ut oppskrifta på brune pinnar, og det gjer eg sjølvsagt. Ingen hemmelighetar vi ikkje kan dele her! Mamma hadde ei oppskrift ein gong der dei heitte Berit`s brune pinnar:

200 gram smør
200 gram sukker
1 eggeplomme
1ss lys sirup
0,5 ts kanel
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
300 gram kveitemjøl

eggekvite, perlesukker og hakka mandlar

Rør smør og sukker godt. Bland i resten. Elt deigen og del i 6 deler. Trill pølser, og trykk dei litt flate på bakepapiret. Pensle med eggekvite, dryss på perlesukker og hakka mandlar. Steik kakene på 175 grader, midt i ovnen, va 10 min.

Mens dei endo e varme, del dei i stenger, gjerne på skrå. Avkjøl på rist!

Lykke te og nam nam

mandag 7. desember 2009

Sju sortar til jul?

Nei, 7 sortar blir da ikkje. men eg e gla i julakaker, og baker dei eg likar best. Så sidan eg måtte vere heime med prinsen idag og....så baka eg lika godt brune pinnar! (da står ein full boks og ventar på deg, Hilde!!)
Og prinsen fylte 5 år igår. Så no har han fått påfyll med Lego. Han e blitt veldig flink å bygga sjølv, men likar best at eg sit saman med han, sånn for sikkerhet skuld.. slektar visst på mammo han der...