lørdag 17. april 2010

Piratbollar

I dag regna da trollkjerringar ute, og begge ungane sa i kor " i dag trur eg vi blir inne!". 
Og når da e sånne dagar, får eg eit behov for å baka. Sidan ungane ikkje ete noko særleg kaka, og eg ikkje har godt av å ete ei heilt aleine...så baker vi bollar! Junior ville at vi skulle baka piratbollar. Hm, tenkte eg, korleis lager vi det?

Jo, då baker vi bollar, og så tilfører vi piratane etterpå! Gu kor lurt!

Og denne karen er ein ekte pirat, dåven og lat...

Som gutar flest i hans alder, kan alt brukast til og fekte med, sverd etc, og han er stolt eigar av Lego pirat verden med skip, og alt da andra som høyrer til. Ho mor synst det er nok Lego no, men det synst ikkje han...så håpar eg bare at da som har gått i støvsugaren ikkje var nokre viktige deler.....

Stove del 2



Ikkje heilt nøgd med bilda, men ok.
Har fått bildene frå meklaren no. Dei var heilt ok. Men litt skuffa over dei av bakhagen som vi er så nøgd med. men det kan vi gjere noko med...men det pøsregnar ute og det er ikkje så veldig sjarmerande.


Veit ikkje heilt kva vi skal finne på i dag. No sit ungane ved kvar sitt tv og har enda ikkje komme ut av pysjen. Trur vi må bake noko idag. Bollar kanskje??

Kva skal de gjere på i dag?

fredag 16. april 2010

Stova del 1

Eg har vel egentli vist liknande bilder før, men det gjer ingenting.

Veldi ryddig i forhold til kvardagen!

Eg fjerna leikekroken til tullemor for anledningen. Det skal vere nøytralt på slike bilder. Ein eventuell kjøpar skal sjå mogelegheiter for kva dei kan gjere sjølv!

Litt rotete bokhylla ser eg no...jaja. E bildene på veggen heilt beine? Vel vel, sånn blei da med den saken!

I kveld har eg baka havrekjeks. dei blei knall gode. Takk til Anne Tone for oppskrifta. Klikk her viss du vil ha den du og.

Kjøkken

Då meklaren vår skulle komme og ta bilder, rydda eg vekk mykje dill og dall. Så det vart veldig ryddig her. Eg knipsa litt bilder sjølv og.

Tenk hadde kvardagen vore sånn...

Så får vi håpar at nokon andre og synst huset vårt er bra, og ynskjer å kjøpe det.

I neste innlegg kjem bilder av stovo!

torsdag 15. april 2010

Nam nam

Dagens lunsj her hos meg! 

For 3 år sidan hadde eg eit prosjekt "ta av 8 kg før sommaren". Då meldte eg meg inn på vektklubb.no, og fulgte programmet til punkt og prikke. Eg trente, og åt, drakk, trente og lot vere ein heil masse. Eg sat faktisk og åt 8 chipsflak ein lørdagskveld, for det var det eg hadde igjen på kaloritellaren min den dagen...

Men det funka, og eg tok av 8 kg innan mai månad!!

Eg følte meg utruleg vel, fin i bikini og alt da der...og så blei eg gravid.....

Og no har eg ei nydeleg lita tullemor på 2 år! Skulle gjerne vore utan dei 6 som kom på igjen, men er ikkje motivert for kampen igjen no. For da e utruleg kor lett dei kjem på, og kor vanskeleg det er å få dei av igjen.

Men dette åt eg mykje då. Polarbrød med pittelitt lett kyllingsalat, salatblad, skinke, masse paprika og agurk. 

onsdag 14. april 2010

Reklamasjon?

Sjå nøye på desse glasa.

Synst du dei ser blanke og fine ut?

God kvalitet?

Da synst ikkje eg! Eg har samla på Rosendahl sin serie når det gjeld glas. Eg har vinglas, vannglas og "kaffe latte" glas, eg har dessert skåler og karaffel. Fordi eg likar designet og enkelheten i dei....Men no e eg skuffa.

Alle dei 18 vannglasa er blitt "kvite" inni. Fyrst trudde eg det var pga av at vi hadde drukke melk og biola i dei. Så fekk eg tips om å skifta vaskemiddel, og eg så gjorde. Men blei det betre? Nei.

Så i dag tok eg dei med tilbake til der dei er kjøpt og viste dei glasa. Damo bak disken kunne fortelja at der var andre som og hadde klaga, og svaret frå produsenten var at det var brukt for høg temperatur eller for mykje vaskemiddel. Det var og komme skilt i butikken om at dei ikkje tålte meir enn 50-55 grader.

Javel, men kva kan eg gjere med dei eg har. INGENTING. Dei er no øydelagt. Ho kunne høyre om eg kunne få noko erstatning, men eg måtte ikkje ha høge forhåpningar.

Så eg vil med dette ikkje anbefale Rosendahl sine glas, dersom du vil bruke dei, vaske dei i oppvaskemaskin eller ikkje er heilt nøyaktig på målebegeret med vaskepulver.....Trudde dei der tablettane var riktig doserte frå før eg...

mandag 12. april 2010

Smoothie til kvelds!

Junior likar veldig godt smoothie, og av og og til lagar vi det til kvelds. Tullemor var ikkje så begeistra for denne drikka, så då lagar vi det når ho har lagt seg. Junior sin jobb er å finna fram frosne bær som vi har i, og å trykka på brytaren. Så gjer mamsen resten. Grei arbeidsdeling det.
Nam nam, og enda betre smakte den då vi i dag skulle kosa oss med den i sofaen!

Vi brukar ikkje oppskrift, men bruker det vi har. I dag var det frosne jordbær, banan, litt blåbærsyltetøy, biola og ein dasj med eplejuice. Og den var veldig god!