lørdag 9. oktober 2010

Turkis

 Eg har skifta farge på kjøkkenet for hausten. Det rosa og rosete har måtta vika for det turkise. Eg har alltid likt turkis, synst det er så friskt!
 Og med pris på voksduk hos stoff og stil (24,95 pr meter), så kan ein jo skifte med humøret! Så no går det i kvitt og turkis. Det lyser litt opp i denne tida, der det meste er orange, brunt, og litt grønt om kvarandre.
 Eg kjøpte dei fine plakatane i rosa og turkis, slik at eg kunne skifte med interiøret. Og rammene kjøpte eg på Europris!

Tallerkenhylla fekk eg hos ei kjempe kjekk dame etter at eg la ut eit ynskje om ei slik på Facebook. Den var trekvit, og med eit par malingstrøk vart den så fin atte. (Eg har ei til, som skal vere på rommet til tullemor, med bøker i. Men sidan vi leiger hus no, har eg ikkje lyst å skru inn fleire skruer i veggen. Så den får rett og slett vente til nyehuset!)
 Desse flotte blomane fann eg hos Fredheim Blomster i Rosendal ( jada, litt reklame må eg ta med!!) Og dei var kjempe dekorative. (Av ein eller anna grunn, kjøper eg alltid to og to like blomar....)
Eg syr og syr for tida. Resultatet kjem før de anar....

fredag 8. oktober 2010

Haustkveld

Haustkveld i stova. Eg og junior sit og ser på X-factor og kosar oss med digg. 

Detta er kvelden då han får eta nesten ubegrens med godis....og faktisk så ete han ikkje så utruli mykje før han blir kvalm.....


Og eg kosar meg med siste utgave av Bolig Pluss som eg fekk ho på butikken til å henta på lageret! Takk!





Ser han nøgd ut eller? Trur tenna er dekka med sjokolade allerede!?!

Vel, no håpar eg at eg er tilbake på bloggen. Eg har hatt ei veka der eg har rett og slett har hatt nok med dei daglege rutinane. Men i måro kjeme mannen heim frå ferien sin!! Har to som nok gler seg meir enn meg. 

Ha ein fin fredag alle saman!!