onsdag 26. oktober 2016

Stjernetid

Det er stjernetid no.

Mørkare kveldar,
to månadar til jul,
og ikkje minst så er stjerner tema på
Jul i Rosendal i år.


Stjernene eg lagar vert kalla 3D stjerner.
Dei har sikkert mange andre navn og,
kanskje du veit eit anna navn?




Pusen Tiger lurer på kva som skjer....






Dette er ein av mine hausthobbyar,
og difor var det veldig kjekt å få 
prøve ut nokre av dei nye pakkane med 
ferdig strimler dei har fått inn hos
Bente på Rosendal Bokhandlar.

Desse store stjernene med mønster var
veldig god kvalitet,
og lette å brette.

Bakpå pakken er det steg for steg
bruksanvisning for korleis du 
skal brette stjernene.

Og får du det ikkje til,
spør gjerne meg.

Eller søk det opp på YouTube.



Stilig at det ikkje bare er einsfarga,
men litt tøffe mønster.

Blir ikkje så julete på den måten.