lørdag 10. mars 2012

Så var det over


for denne gang. 
Feiring av den flottaste 4 åring. Mammo laga rosa cupcakes med sølvkuler, mest for å tilfredstilla eigne behov.


Tante laga pikekyss i alle fagar, som ungane sjølvsagt ELSKA. Tullemor bæsja grønt i dag....det seier vel litt om mengda på inntaket?!?


Her får dåke realiteten. Mor legg på rosa duk og rosa cupcakes, mens tullemor vil ha fotballbursdag. Jaja, ho stilte i den rosaste prinsessekjole når gjestene kom. Viktig med kontrastar.




...og etter at festen var over kom denne vesle karen på besøk og tok seg av oppryddinga.


torsdag 8. mars 2012

Litt gult


Som eg skreiv på fjesboko i går, så e detta nett som å vera på besøk hos nokon med DA lekra huset!!


Kvitt og grått, kvitt og svart, litt meir kvitt, litt brunt
og så litt gult.


Er veldig fornøyd. Skal ha ny sofa på sikt. Må bare finne den rette.


Vi gjere oss klare for å feire 4 års dag idag, til den beste 4 åringen som finns.

onsdag 7. mars 2012

Er på plass


No er vi på plass i nyahuset.
Det var lika bra som eg hadde forventa.
At eg fekk influensa midt oppi flttinga, var ingen hindring...eg blei bare litt ekstra sliten.


Noko av dei fyrste møblane som var på plass, var hagamøblane eg kjøpte hos Bo Grønt fredheim Gartneri i haust. Dei har stått på lager, og har no fått plass i stova. Planen er at dei skal ut til sommaren, men vi får no sjå.


Ovnen er på plass, grå med stålpipa.
Flott lesekrok for interiørblad, ein god kopp kaffi og litt sjokolade.