fredag 15. februar 2013

Ny Bjørk


Orda ny og nytt klinger godt i mine øyrer.

Dette bildet fann eg tilfeldig då eg var innom Stemning i Rosendal.
Stemning har 50% på ei mengde varer no, sånn at dei får plass til nye varer!!
Eg veit at dei ventar inn ei mengde godbitar no frametter våren.
Gled dåke!

Men tilbake til bildet mitt;


Eg likar veldig godt treslaget bjørk.
Det er så "norskt".


Bjørkestubben står i gangen.

Planen er å ha ei bjørkestamme i garderoben,
får sjå om det blir noko av.


Bildet eg fann på Stemning er bare perfekt.

No har det fått plass på bildehylla frå Ikea.
Har ikkje bestemt heilt kvar den skal henge enda.

Synst det er praktisk med desse bildehyllene,
så kan eg skifte ut bilda,
utan å lage nye hull i veggen.

Fin fredag til deg.

Lite planar i helga; mannen er reist på jobb og det er meldt dårleg vær.
Kjenner eg er klar for "sofa, kaffi og eit nytt blad"-helg.



Så vakker


Så vakker plante.
Orkide.


men sjølve planta ser ut som ugras,
veks her og der,
ikkje noko system på kvar dei stive blada veks ut.

Treng ein heil vindaugskarm for seg sjølv.

Jammen godt sjølve blomen er så vakker når den kjem ut!
Då er det verdt ventetida.

God fredag til alle flotte lesarar.

Snart kjem det Give Away hos meg og!!

onsdag 13. februar 2013

Nytt rom


"Kjellarenstova" trur eg ikkje eg har blogga om før.
Det er eit rom eg ikkje blir heilt ferdig med,viss du skjønar?!?
Det er rommet trappa kjem ned i. Her er gang, og rommet alle soveromma og badet har dører til.
Vi har plan om å ta ned eine sofaen her, når vi har kjøpt ny til stova vel å merke.


I dag har vi ein gamal tv her nede, playstation og dvd,
ein stol og ein saccosekk.
Akuratt det treng eg ikkje blogge om.

Dette bildet er teke før eg rydda, ser eg.


Her er Hemnes kommoden eg har måla i Dempet sort.
Ein farge eg er svært nøgd med.
Rulla over den gamle tv-benken, medan eg heldt på,
så vart dei like.

Pittelitt interiørblad i stablar.
Kjem sikkert til å lese dei ein gang.


Verdenskartet må jo og nevnast.
Eg hadde ein gong nevn for mannen at eit sånt verdenskart hadde vore kjekt å ha.
Så han kjøpte eit han, på Ikea....
Trudde eg sku bli så glad...

Heilt til vi begge skjøna kor stort det var....

Men det heng no der,og det tek ikkje plassen til noko anna, så...


Finaste uglene mine.

Ja, Evelyn har stjerner og eg har ugler!!

In our house



Sist veke var eg så heldig å vinne dette printet i lotteri hos MrsHardy.

Sjekk ut bloggen hennas og ikkje minst nettbutikken hennas Vinkel med mange fine print.

Printet er komme på veggen,
og det er ingen tvil;
hos oss "we do family".

Tullemor og eg har fri idag,
vi nyter dagen.
Ho ser på film og ete kjeks,
eg blogge og drikke kaffi.

Vi e livsnytarar med andre ord !


tirsdag 12. februar 2013

Harepus


I dag snakka eg med mi gode veninne inne i Barnonivegen på telefonen.
(sjekk ut bloggen hennas ved å klikka på navnet over!)

Ho spurte kva eg skulle blogga om i dag. Eg svarte at eg visste ikkje heilt, kanskje vaffelunderlaget mitt... Ho forsette og snakke om at eg hadde jo fått så mykje fint til jul, som eg ikkje hadde blogga om enda.  ( sidan eg "liksom" la ned bloggen like etter jul....)



Eg jabba på at eg hadde no nesten vist alt no, utanom vaffelunderlaget mitt og ugle-termometeret...


Så kom eg heim, og tente lyset i den finaste lyshaldaren, hare av Mugtail,
som eg fekk av snillaste Evelyn i Baronivegen til jul!!!

E da mulig?? Skjønte jo no kva ho hinta om!! *smileblunkefjææs*



Skjønnaste av dei alle.


Sjekk den skjønne haledusken!!

Eg ynskjer meg alle 7 (eller 8?), men tar ein kopp om gangen.

Eg kunne ha bestilt ein abonement på BoligPluss og fått ein kopp,
men lot det vere denne gangen... 

Så, skjønnaste Evelyn, tusen takk for harekoppen eg fekk til jul!

Kikk innom bloggen hennas, ho har Give Away på gang.

mandag 11. februar 2013

Kvardagsgåver


Eg har skrive det før, at noko av det eg set mest pris på av alle gåver,
er dei uventa kvardagsgåvene.

Siste veke fekk eg ei slik flott gåve.


Eg hadde invitert ei god veninne og borna hennas på pannekakemiddag.
Eg fekk gåva.


Trur eg har skrive om det før;
2013 skal bli året vi tilbringer enda meir tid saman med gode vener.
Slike kvardagsmiddagar er ein del av dette.
Kor kjekt er det ikkje å bli invitert på ein middag midt i veka?
Når mannen er på jobb i nordsjøen, ein har vore på jobb sjølv, 
og "kva skal vi ha til middag??" er eit spørsmål du ikkje orkar stille igjen.

Skal bli fleire slike middagar.



Passa så flott på brettet mitt med perleblom i  denne krukka.


God kveld til alle.

Her står sofa og strikketøy på programmet.
Eg har fått eit strikkeoppdrag eg tek til på med glede.



søndag 10. februar 2013

Hay Hay


Kjøkkenhandkle frå Hay.


Eg fekk dette flotte kjøkkenhandkle frå Hay, til jul.
Likar fargen kjempegodt.
Er det corall den heitter?

Treng slike fargeklattar i huset,
og det er kjekt at kjøkkenarbeidet kan bli litt kjekkare rett og slett.



Ser fargen går igjen i lyslenka mi.
Stiligt!


Her er dagens fastelavensbollar.

Eg åt to sjølvsagt.

God søndag til alle flotte lesarar.


God morsdag


Med bilder av min fantastiske morsdagsbukett,
vil eg ynskje alle oss mødre ein
fantastisk morsdag!


Vart vekka av mann og barn med pakke,
og frukosten stod klar på kjøkkenet.
(eg nektar å ete mat i senga.....)

I pakken var ein termodress.

Hæ, tenker du kanskje...

Men eg vart kjempeglad, for eg frys lett og no kan eg sitje ute ved bålpanna og vere god og varm!
Sidan eg er så høg og slank *smileblunkefjæs*
så må den bytast i ein str større,for den var for kort i ryggen.

Blomabuketten er laga av flinkaste Cecilie!



Mann og barn er no reist til fjells, og eg er aleine heime.
Vi ventar middagsgjester, og eg meldte med veldig frivillig til å ta meg av den.

God morsdag vidare!!!