onsdag 5. januar 2011

Etter-bilder

 Det er med lettelse eg kan vise "etter-bilder" av sy-rommet mitt. Eg tok grep, og rydda. Og no er det berre å halde det slik...
Det er ingen tvil om at det er mykje ryddigare å plassere ting i esker. Eg har skrive utanpå kva som er inni.

Den nederste kassa ( grønn) har eg alt som har med bryllaupet å gjere. Her er det mange gode minner.

I dei to store kvite oppå, er ei for kvart barn. Oppi den legg eg ting borna har laga, bursdagskruner, og andre ting som eg vil ta vare på. I tillegg har eg ein ringperm som eg samlar teikningar dei lagar i. Det er eit lettvint system, eg bare puttar oppi kassen etterkvart som det kjem heim, eller etter at dei har stått framme ei tid. Teikningar heng ofte ei tid på kjøleskapet, før eg samlar opp og set dei i perm.

Blomajento

 Då mannen kom heim på julafta, hadde han med seg 5 langstilka raude roser til meg! Og dei står faktisk lika fint endo, nesten 2 veker!!  Og dei var sjølvsagt kjøpt hjå Fredheim Blomster.
 Denne fekk eg til jul av blomadekoratør-veninna mi!! Eg tok ikkje bilde av rota, men den var dekka med mose og surra sølvtrå rundt. dekorativt og flott.
 Då eg var yngre vart eg av og til kalla "blomajento". På den tida jobba eg mykje i gartneriet og blomabutikken til foreldra mine. Eg er framleis svært glad i blomar, sjølv om eg ikkje lenger jobbar med det.  

Før produserte far min tulipanar. Han hadde på det meste rundt 1 mill tulipanar. Då kom dei som løk, og vi stod heile haustferien og sette løk i kassar med jord. Så vart dei drivne fram, sånn ca til jul. Pappa hausta tulipanar tidleg om morgonen og seint om kvelden. Etterkvart har han gradvis slutta med tulipanar, og i år har han ikkje i det heile. Det synst eg er svært dumt, for det er ein av dei blomane eg forbinde med vår og lysare tider. Før kunne vi fråtse, og ha tulipanar overalt. No nyter eg dei bare endo meir, for eg veit å setje pris på dei eg kjøper.

I dag har eg fri, Eg har gått tur, slappa av og ventar no på at junior kjem heim frå skulen!

tirsdag 4. januar 2011

Realiteten

Dette blogg-innlegget er til kollegane mine, som ikkje trur at eg er som alle andre!
 Eg har mogeleg gitt uttrykk for at eg har det ganske strigla heime. At i alle skuffer og skåp er det tellekantar på kle og klutar. At det ikkje er støv i vinduskarmane mine, at det ikkje ligg daude floger i krokane, eller er rot på golvet... Men eg har det. Og her er beviset.

Desse bildene tok eg i går etter at eg kom heim frå jobb. I lunsjen fortalte ei god kollega at ho hadde eit nyttårsforsett om å rydde ei skuffe kvar dag. Då eg uffa meg, og sa at da burde eg og, svarte ho at ho nekta å tru at eg hadde rot i skuffene mine. Då tenkte eg at hm, trur ho verkeleg det? Eller er det bare noko ho seier? Vel, eg får heim og ta ein kikk. Og dette møtte meg.

Inne på syrommet, som eg kallar det, er det eg som regjerer. Mannen finn ingenting her inne, og veit ikkje heilt kor han skal legge ting. Difor vert det lagt oppå det som er her.
 Og sidan vi leiger hus no, kan eg ikkje bare flytte på skap og henge opp hyller. Eg bruker det som er her. (Og flaks for meg er det ein del skåp på dette rommet!) Og eg har visst ikkje vore så flink å systematisere.... Her er eit einaste kaos, og eg likar det ikkje. Så i dag skal eg byrja å rydde her.

Det skal og vere sagt at dette rommet vert nytta til oppbevaring av ekstra stolar, madrasser, ein paraglider ( som skal få eige rom i det nye huset :-D), klede i alle fasongar, symaskin og syutstyr, julapynt som har mellomstasjon før det skal pakkast på kottet, strykebrett osv.
 Uff og uff....
 Her har to halvsjuke ungar regjert i dag...
Men det skal han ha, han hadde teke seg av våre to søte små og støvsugd til eg kom heim frå jobb kl 18! Det sette eg veldig pris på!

No er det opp av stolen, og byrja rydde på syrommet. Håpar eg kan komme tilbake med eit "etter" bilde om ei stund!

søndag 2. januar 2011

No e ho ute

 Godt nytt år alle mine gode bloggvener! Eg set umåteleg stor pris på dykk. Og det blir ikkje lenge før eg skal gje vekk noko til ein av dykk att!

Når det nye året er vel kommen i gang, så er jula over for min del. Eg pleier alltid å rydde vekk jula allerede 1. el 2. januar. Sidan eg byrjar pynte i slutten av november, nyter vi førjulstida heile desember. Og eg ser fram til å starte det nye året. Så i går for både juletre og nissar ut, og alt er pakka sirleg ned i kassane. Sånn at det er kjekt å opne dei att i november.

Og då vi var i gang, fekk ungane knuse pepperkakehuset. Dette har dei gleda seg til, sidan vi pynta det!
 Og utstyrt med kvar sin hammar, gjekk det i tusen knas.
Og dei storkosa seg med støvete skumnissar, nonstop og dårleg pepperkakesmak....Ja, ja, små gleder veit du!

I dag har spysjuka inntatt heimen vår. Junior byrja kl 8 i dag, og har spydd stort sett i heile dag. Eg og tullemor gjekk ein lang tur, for å hente bilen vår ( sidan vi var ein tur i festleg lag i går kveld!). Då vi kom heim, klaga ho seg over vondt i magen, men ingenting skjedde. Men då ho skulle hjelpe pappen med å lage suppe til middag, kom det. Det vart ingen middag på oss i dag, og kjøkenet er vaska med klorin. Og det to gonger, for då eg var ferdig, spydde ho ein gang til....

I kveld vert det hamburger frå Statoil på oss. Så får vi håpe at det er over for denne gang. No står det iallefall bøtter overalt, og klorinflaska lett tilgjengeleg!