fredag 7. mai 2010

Rose avslutning

Då avslutte eg denne vekas roseinnlegg, med bilder frå bordet som venta på klubb-veninnenen mine på onsdag!

Med flotte roser i dei gamle mjølkeflaskene mine, blei det enkel og perfekt pynt på eit enkelt pynta bord. Green gate serviettar vart kjøpt inn for anledningen!

Ha ei fin helg alle saman! Her skurer eg glas og andre flater, for vi skal ha visning på huset på søndag. Eg e veldig spent på om det blir salg... Viss nokon vil sjå prospektet finn dei det ved å trykke her.

tirsdag 4. mai 2010

Roser - igjen..


Eg trur eg lage ein serie med rose-innlegg denne veka.
Eg kjenne at våren er på plass no, med kalde netter og sol om dagen. Og da kjennes godt! Eg har kjøpt meg ein bunt roser i dag, som eg skal pynte med til klubb i morgon. Og eg kjøper alltid roser på blomabutikk, eg har litt problem med å kjøpe dei på matbutikken. Det er nok på grunn av opphavet mitt, trur eg.

Til bryllaupet vårt fekk vi gåvekort hos Galleri Guddal. Det brukte eg på 3 krus av Sara Reed.


Nydelege detajar. Og dei er faktisk veldig gode å drikke av. Men diverre vert dei nok ståande i skapet sånn til kvardags...mannen har vel ikkje heilt sansen for å drikke av sånne dyre krus...


No skal eg støvsuge litt, for det blir ein travel fridag i morgon!