søndag 17. august 2014

Sommaren er på hell




Sommaren er på hell,
 det er berre å innsjå det.

Men for ein sommar vi har hatt.


Dette har vore den sommaren vi drøymte om i vår.
Tenk viss dette kan bli den sommaren,
som er så varm og fin, at vi kjem til å snakke om den i mange år framover!"

Jammen fekk vi rett.

Litt nytt i huset sidan sist.

Sofabord frå HAY
Korg frå Bloomingville 
(gåve frå ei veldi kjekk svigerinne)

Pledd som mamma har strikka,
og eg fekk til bursdagen min i juni.

Det er så fint, at eg tør nesten ikkje bruke det!



Bo-Bo som mine to små kalla apen frå Kay Bojesen.
Den kjøpte dei til meg til bursdagen! 
Den er blitt det 6. familiemedlemmet vårt.

Lysestaken frå Tom Dixon fekk eg og til bursdagen! 

Mange flotte bursdagsgåver,
er heilt overvelda,
for enda fleire fekk eg.
Eg er heldig!




Tv-stova vår er blitt heilt ny i sommar,
og mannen måtte innrømma at den er blitt mykje
kosligare og "lunare" med ny sofa mm.

I morgon er det skulestart for tullemor.
Sekken er klar,
nye kle og sko ligg i skåpet og ventar.
Tenk, no er vi ferdige med barnehage og begge to går på skulen.
Ei i 1. klasse og ein i 5. klasse.

Denne søndagen skal vi kose oss saman,
før mannen reiser på jobb i kveld!

God søndag til dåke alle!