Stjerner i glansa papir,
blir nesten som glitrande stjerner.
Så kjekt å høyre at fleire har blitt
inspirert til å byrje å brette
stjerner igjen.
Det er veldig kjekt å brette stjerner,
og det viser det i kassane eg har
med julepynt på loftet....
Kvar skal eg gjere av alle stjernene eg har bretta?
Gje i gåve
Pynte på juletreet
Henge i vindauga
pynte på bordet
Uendeleg mange muligheter.
Dette er mi favorittstjerne.
Glansa papir med glitter i.
Dei har mange ulike variantar på Rosendal Bokhandlar,
rauge, sølv, mønster mm
Ta turen innom der og bli inspirert du og.
I år er tema stjerner på Jul i Rosendal.
Den 24. november kl 12 opnar
utstillinga i 2. etasje på Varehuset i Rosendal.
Born i barnehage og skule, frå Sundal til Omvikdalen,
har laga sine bidrag til utstillinga.
Kom og opplev magien som utsillinga gjev.
Ein himmel full av stjernet,
eller iallefall ein vegg full.
Det er gull, alt som glitrar.