tirsdag 8. desember 2009

Oppskrift!

Anita lurte på om eg delte ut oppskrifta på brune pinnar, og det gjer eg sjølvsagt. Ingen hemmelighetar vi ikkje kan dele her! Mamma hadde ei oppskrift ein gong der dei heitte Berit`s brune pinnar:

200 gram smør
200 gram sukker
1 eggeplomme
1ss lys sirup
0,5 ts kanel
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
300 gram kveitemjøl

eggekvite, perlesukker og hakka mandlar

Rør smør og sukker godt. Bland i resten. Elt deigen og del i 6 deler. Trill pølser, og trykk dei litt flate på bakepapiret. Pensle med eggekvite, dryss på perlesukker og hakka mandlar. Steik kakene på 175 grader, midt i ovnen, va 10 min.

Mens dei endo e varme, del dei i stenger, gjerne på skrå. Avkjøl på rist!

Lykke te og nam nam

4 kommentarer:

  1. Tuusen takk, dette skal prøvast.

    SvarSlett
  2. Lykke te. Dei e nam nam, eg laga dobbel oppskrift!!

    SvarSlett
  3. Hmm -kansje eg og må prøva denne. Hørres jaffal godt ut :-)

    Snart 2000 besøk forresten -stas!!

    SvarSlett
  4. Hilde Lande Eikeland9. desember 2009 kl. 23:52

    Så utrolig fin blogg du har Solveig, har ikkje visst om den før i kveld eg og har no blitt sittende å bla og lese;-)

    SvarSlett