og stjerner på glas
Eg flettar stjerner for tida.
Mest fordi eg endeleg får dei til!!
Men og fordi dei er så fine.
Har ein plan med dei.
Nokon skal på juletreet,
andre skal gjeast vekk.
Vil du lage sjølv, kan du gå inn
her
og flette i veg.
Utfordringa er å få like og beine strimler.
'Mannen hjelper med det, så no må han komma heim igjen,
for eg er tom for strimler.
Magasinet til Dagbladet har passe tjukke "ark", og er gode å flette med.
Vil du kjøpe hos meg, så kan du det.
Send meg ein epost på
solveig.hus@gmail.com
I dag luffar eg rundt i denne:
Endeleg ferdig!!!
Strikka 20 cm for lange armar, så eg måtte rekke opp att.
Men no er den bare deilig.