lørdag 15. mai 2010

Nespresso


Åh kor eg ynskjer meg ein slik NESPRESSO ESSENZA C101.  

Eg synst kaffien er veldig god, og at du kan velge smaker er jo bare ein luksus i kvardagen. Den er enkel å handtere, og designet er lekkert! Men sidan vi allerede har ei Gaggia maskin på kjøkkenet, kan eg vel ikkje forsvare å få ei slik og???

fredag 14. mai 2010

Litt forsgjellig!


Åh, endeleg er jordbærsesongen i gang!! Desse låg ikkje lenge i skåla i dag! 



Og så har eg kjøpt denne kule knekkebrød-boksen på Stemning idag. Måtte jo ha noko å ha dei fantastiske knekkebrøda eg baker i! 

Marius!


Eg har visst gløymt å vise den fine Marius-tunikaen som bestemor strikka til tullemor! Og da besta av alt var at ho stolt hadde den på! Og bestemor strikka denne på 2-3 dagar. Tenk hadde litt av dei ferdighetane blitt overført til meg...! Eg har strikka ein marius gensar, men eg brukte litt lenger tid. Og jammen har eg ikkje strikka ein anna gensar og, kom eg på no. Den må eg visa ein anna gong!

Anledningen var at storebror skulle få 6- års boka i kyrkja. ( Sitat frå han: " jammen mamma, eg er jo berre 5 år...." Sant nok!)

torsdag 13. mai 2010

Fina været!


Her kan vi drikka morgonkaffien vår. Her kjem sola over Kvitegga ganske så tidleg! Mannen har laga ein gangveg/terasse frå døra til stova, og rundt til resten av terrassen.

I dag er det torsdag, og Kristi Himmelfartsdag. Vi har vore på sykkeltur til bestemor og ete is! poden på 5 år sykla heile vegen, gjennom "lundsnessvingane", og heilt opp. Eg er stolt av han idag! Fina været og beine vegen, rett og slett!

For dei som lurer på salg av huset, så er det i gang. Vi har fått inn eit bud. Vi ynskjer litt meir for det, og ventar no på at andre skal by litt høgare. Det fyrste budet står til onsdag 19. mai, så då håpar vi på ei avgjerd etter det. Eg personleg kunne tenkt meg at det gjekk litt raskare, men som selgar må eg ha is i magen!

I kveld reise mannen på jobb i 14 dagar. Så det blir ikkje pølsa og is på han i Omvikdalen på 17. mai i år!!

søndag 9. mai 2010

Sjå kor ho søv

Da e veldi inn og lata som vi søv for tida...med snorkelydar!