lørdag 10. april 2010

Badesesongen er i gang!

Så var årets badesesong i gang!
Mine ungar er så heldige å ha ei tante med "basseng" på terrassen!

Så idag fekk dei bade. Oppi var det 40 grader, og du kan tru dei nytte det!

torsdag 8. april 2010

No e ho igang...

Mens andre viser bilde av snøklokker og krokus, er denna jento i full gang med å plante i krukker og bed!

Eg har vore inne på "før-opning" i hagesenteret i dag. (da vil sei at eg køyrte inn jeepen til mannen, fylte den opp med planter, jord og bark, lot bessen ta seg ein traktortur med gullo, og vinka hada igjen!) For eg er nemlig så heldig å vere dotter til gartnar, og søster til hagesentereigar, og nyter sjølvsagt godene av det! jada, bror, eg ska betala for meg, slapp av....!


Stedmoren er på plass. I morgon når det er opning i Hagesenteret Bo Grønt Fredheim Gartneri i morgon er det tilbud på 10 pakning til kr 49;-   Løp og kjøp!
Nydelege blomar rett og slett. Og ja, dei kan du plante ute no. Dei tåler ei frostnatt, faktisk!

Eg plantar som regel alltid ute 1. mai. Men i år blei det litt tidlegare, for på laurdag kjem meklaren vår og skal ta bilde av hus og hage. da har aldri vore så ryddig her som no. Men eg veit ikkje heilt om eg ska ta bilde av kontor/gjesterom/lager rommet i kjellaren....? Da e så mykje greie der.

Til dykk som lurer, så skal vi selge huset vårt no. Vi har kjøpt tomt som vi skal bygge på, men har ikkje råd til å sitje med to hus når det nye er ferdi. Og sidan boligmarkedet varierer veldig, velger vi å selge no, og leige noko i mellomtida!

onsdag 7. april 2010

Her vil vi bygga, og her vil vi bu!


Her er tomta vår!
Og her er utsikten pr idag!
Så viss du trekk tilside trea som er på bildet, så ser du heile Rosendal og fjell og fjord! Åh, som eg gler meg!

mandag 5. april 2010

Påskelunsj!

I går bles det her, og det var ikkje noko særleg å vere ute. Men vi hadde oss ein tur opp i tomta vår, og samtidi såg på at taket (takbøylane) på huset til naboane våre hadde rast ned i vinden. Sånt er kjedli. Når ein er så klar for å få nytt hus, og så stoppar naturkreftene det...

Men då vi kom heim laga vi påskelunsj innandørs. Nam nam!

No har hosten byrja å avta, men framleis er ikkje tullemor heilt pigg. Så det har ikkje blitt den store utfarten i påsken. Så det har blitt mykje eting, tv-sjåing og litt anna pusleri. Mammo har fått trimma seg litt, og prøver å komma seg litt ovenpå igjen. Har vore ganske sliten i tida før påske, med mykje "psykisk" jobbing. Men det har hjulpe på med litt ferie, og ikkje minst at ungane har funne ut at da går an å sova litt lenger.

Nyt siste påskedagen, for i morgon er det påan igjen!

søndag 4. april 2010

Jakten på påskeharen??


Tante Heidi hadde vore så heldig og møtt påskeharen! Og han hadde gitt ho eit kart til påskeskatten... Det var bare å følge med for oss alle!

Fyrst skulle vi sjå etter ein raud sokk. Men den inneheldt ikkje noko skatt.

Så viste kartet ein grønn vott. Og den fann vi på ein gjerdestolpe. Men inneheldt ingen skatt den heller. 

Så viste det ein gul tulipan, som de ser eldstemann held i handa.

Så skulle vi finne ein blå mann. Vi såg noko blått som bevegde seg oppi lia. Eldstemann som var tøffingen i starten, måtte halde handa til mamma til slutt!!

Og så var den blå "mannen" bare tante Marit. Og ho hadde funne ein stryllestav....som trylla fram både blå diamantar og blå druer!! Til stor glede for dei små....og store sjølvsagt.

Til slutt fann vi ein påskekylling og påskeskatten! 

Og kven seier vel nei til sånt godteri??

Takk for ein super ettermiddag til arrangementkomiteen, grillsjefen som stilte med pølsegrilling etterpå, og godt selskap!!