fredag 29. juli 2011

Sommarbær


I barndommens rike bugnar det av frukt og bær. 
Eller det vil sei, det pleier å bugne. 
Med den kalde våren vi hadde i år, blir det mindre plommer,epler  og pærer enn det pleier. Det er veldig synd.


Bringebær er det passeleg av. Bestemor har laga mykje deilig syltetøy, og vi har fryst ein del som vi skal spare til vinterens smoothie.

Info til pappa: Junior har plukka den kvite bøtta, og tullemor den grønne.



I måro flyttar vi inn i ny bustad. Dvs alle tinga er sett inni, men i måro skal vi ordne til. (Takk til gode veninner som stilte opp på kort varsel og hjalp meg å bere!!)
Den er kjempeflott, og vi gler oss. 

Bilder kjem når nettet er oppe og går...det vil sei når mannen kjeme heim frå jobb i Brasil!

onsdag 27. juli 2011

Dukkehuset


Huff og huff, har du ikkje rydda i huset ditt i dag??

Junior har endeleg fått lov å leike med dukkehuset mitt. Det er sånn ca 25 år gamalt, og lysa inni virkar enda. Det er med andre ord liv i tv, vegglampar og taklampar. Fantastisk.


Han far er visst på vei over kanten på sofaen..


Til og med tallerkenhylle på kjøkkenet.




Grønn innredning på badet....nice. Tannkost og såpe på plass. Gu kor eg koste meg med å leike med dette. Håpar at mine to kan få like mykje glede av det som meg.
Vi får vel ta fram Barbien og ein dag. 

I dag har vi fri. No skal ho mor komme seg i kleno, mens ungane ser film og leiker med lego. I dag skal vi dilla på skåla, ut og kvalitetssikre utvasken i huset, mate Einar-pusen vår og kanskje sei hade til huset for siste gong!

Ha ein fin dag alle saman. Eg ser eg har mange lesarar. Kjekt visst nokon legg seg til som følgar, eller legg igjen ein kommentar, slik at eg veit kven DU er!! Eg set pris på dåke alle, uansett!

tirsdag 26. juli 2011

På hotellferie i barndommens rike


Vi er på flyttefot. Og mellom hus A og hus B, har vi no sjekka inn på hotell C. For dei som ikkje tok den...så bur vi no hos mine foreldre. Det er som eit hotell. Bestemor passar unger, leverer i barnehage, lagar middag og vaskar kle. I tillegg kjem vi nesten til ny-oppredde senger. Vi er heldige. Det er nesten som når Jason er på ferie. 


Ei fantastisk bok frå barndommens rike. Den er på nynorsk, noko som gjer at eg likar den ekstra godt. Eg øveset stort sett alt eg les til ungane til nynorsk eller dialekt.



I bokhylla står omtrent alle bøkene av Anne-Cath. Vestly. Dei gjer gode minner. Eg gler meg til eg kan lese desse for mine to.


På dette hotellet prøver vi å gjere andre ting enn å sjå på tv. Her er mykje spel, og dette er berre ein liten bunke. Bestemor har vore flink å handle inn spel, og vi har spela mykje opp gjennom. Desse spela skal vi ta fram om eit år og to.

I dag har vi delteke på rosemarkering her i Rosendal. Ei markering til ettertanke og samhald. Vi haldt hender og viste vår medkjensle for dei som døydde den 22.07.2011.