søndag 19. april 2015

Tid for hagearbeid - såing

Med fantastisk flott vær denne helga,
kjem gleda over at hagen byrjar 
å spire og gro igjen.

Det er VÅR 


Tullemor og eg hadde oss ein handlerunde
i hagesentert
Hageland Fredheim Gartneri i Rosendal,
for å starte våren med å så litt ulike planter.

Eg valgte 
- Oregano
- Basilikum
- Ruccula salat

og tullemor valgte
- Valmue 
- Kattegras

Når du skal starte såing er det viktig å ha ny jord,
gjerne såjord.
Vi hadde gløymt å kjøpe det, 
og vi brukte krukkejord som fungerer heilt fint.

Krukkejord er tilsett gjødsel 
og lecakuler.

Denne gangen skulle vi teste ut dei nye papirpottene
til å så i,
men du kan så i mjølkekartongar, potter mm 
Dei fleste hagesenter har rikt ulvalg i ulike 
produkt til såing.

Bakpå frøpakken står det detaljert og god
forklaring på korleis du skal gå fram,
og kva tid det er best å så den aktuelle planta.




For ikkje å grise til tunet vårt,
la vi ut avispapir der vi skulle jobbe.




Desse papirpottene var geniale.
Flatpakka,
berre å brette dei ut.


I nederste del var det laga til slik at du kan rive av 
bunnen, og lettare få plantene ut av,
når du skal plante dei om i større potter eller åker.


Såing er ein kjekk aktivitet å gjere saman med borna,
det er noko dei fleste får til,
og det er kjekt å følgje med på det som spirer og gror.



Her er dei ferdige boksane klare.
Viktig å skilje dei, slik at du veit kva du har sådd.

Eit tips her er å gå saman med andre når du skal så,
det er som regel mange frø i ein pakke,
ofte fleir enn du treng sjølv.
De kan dele på plantene når dei har vakse seg større,
eller dele pakken med frø.
På den måten kan de få fleire sortar,
og noko kjekt å gjere på saman.

Tullemor har allerede bestemt seg for å gje 
kattegras til to tanter som og har katt!

Krydderurter er og utruleg kjekke gåver,
både å gje og få.




Etterpå laga vi merkelappar,
til å merke dei ulike boksane med kva vi hadde i dei.
Fann litt stivt papir,
klypte opp i passelege skilt,
laga hull,
tullemor skreiv på navn
og vi brukte blomsterpinnar til å feste dei med.


No kan vi bare vente og glede oss
til alle plantene spirer og gror.

Oppdatering vil komme undervegs!!