lørdag 15. desember 2012

Perfekt heim


Eller "Perfect Home", 
sel desse fantastiske Lyra lyskulene.
Mi flotte veninne Hilde, er forhandlar og 
eg hadde party i november. 
Der var mange kjøpelystne damer, og då får vertinna 
(som denne gang var meg!!) gode tilbud.
 Eg kjøpte blandt anna desse to lyskulene.                                                                            Julete eller ikkje, eg kjem nok ikkje til å pakke 
desse vekk med julepynten sånn med ein gang.

(.....Prøver febrilsk å få til fine bilder....)



Stemningsfylt i heimen no i desse førjulstidene.


Dette er snop for damer som meg.


ByNord sin julepynt, lita kongle, ugle, nøtt og fugl.
Kjøpt hos Corneliashus.



God jul 


Vi sel vanvittig flotte roser på butikken vår.
I dag måtte eg ta med meg heim ein bukett med 10 roser.
Den står i ein Perfect Home vase eg er heilt forelska i.
Eg er ein "materialist", som likar tinga mine,
som blir glad når eg handlar nye ting, og  som synst det er terapi i shopping.
No før jul får eg utløp for dette både støtt og stadig.
Kjem på nye ting eg "må ha",
julehelsingar eg har gløymt å kjøpe,
julegåver i siste liten,
uansett kor godt forberedt eg trudde eg var....


Men no er det helg.
I morgon skal eg forberede førjulskos med den faste gjengen.
Gler meg veldig.
Gløgg, julebrød, kokosbollar, gåvebyte,
tradisjonar er viktige å halde på.

God helg vidare til alle flotte lesarar.






fredag 14. desember 2012

Jule-stillebein


Uansett korleis vi snur og vender på det,
tradisjonar er viktig og nissane må fram.

Eg har lest på fleire bloggar at borna i husa spør :
"kva tid skal vi eigentleg pynte til jul, mamma?"
når interiør- og blogge mamma er svært fornøyd med sin 
kvite/svarte/sølv/kvist/kongle/svibel-julepynt.


Det var nok slik her i huset og,
sjølv om eg har pynta med ein del raudt.
Denne nissen har fulgt meg i 10-12 år no. Han pleie stå ute på trappa,
men no når det fyrst var så iskaldt ute,
og no bles storm ute,
skal den få stå inne i gangen.


Flotte julastjerner frå Fredheim Gartneri.


Tøff kar detta her!!

No er det jobbings heile tida.
Veldig kjekt med mange fornøyde kundar.
Kom gjerne innom i morgon, då er eg på plass!

Fin fredagskveld til alle!


torsdag 13. desember 2012

Lucia-dagen


13. desember er Lucia dagen.
Eg og tullemor kom akkuratt tidsnok til å få med oss 
skulekameratane sitt lucia-tog i barnehagen i dag.
Flinke og synge, fine i kvitt og med lys i handa.
Lussekattar fekk eg smake og. mmmmmm


Vi fann difor ut at vi ville bake vi og.
Så etter at mannen var henta heim etter 3 veker på jobb, starta vi opp.
Til kvelds vart det nysteikte lussekattar.


Hadde for lite safran i, så dei vart ikkje så gule som dei skal bli.
Men gode var dei.

Fridagen i dag har blitt brukt hos frisøren og på handling.
Eg er overraska over kor mykje salg dei har no før jul.
Kid har 50 % på nesten alle julevarer,
Catch har 50 % på alle barnekle,
Kappahl 30 % og så vidare.
Kjekt for oss som handlar er det jo,
særleg no når vi har brukt opp alle pengane på julegåver...
Vel vel, no skal eg sy pute, nr 15 i rekka!!!

Til deg som ville ha uglepute,
send ny melding på fjesboko,
den har ikkje komme fram.

Fin 13. desember vidare til alle!

tirsdag 11. desember 2012

Strikka-stege




Strikka-stege med julakuler, etter design av Arne & Carlos.
Mamma har strikka alle,
eg har ikkje strikka ein einaste av dei.



Eg var så heldig å få vere på føredrag med dei to karane på 
Rosendal Turisthotell i fjor, like før jul.
Må sei eg blei veldig fasinert av dei,
morsomme karar,
som strikkar mykje.


Julakulene er skikkeleg kule, synst no eg.
men dei passar ikkje inn på julatreet mitt.


Fann difor ut at dei ville passa godt på stegen min.


Skikkeleg dårlege kveldsbilder,
men sånn går det når eg ikkje er heime på dagtid,
i det fine lyset.


I dag knuste eg mobilen min.
Uhell sjølvsagt, men det var veldig kjedli. 
Håpar på eg får dekka ny på forsikringa.
No har eg ein gamal telefon, og eg skjønar ikkje sms-styret. 
Det blir difor lite sms for tida, eg tar heller ein telefon.

Velkommen til nye følgarar.
Og takk til dåke andre trufaste lesarar.
Eg blir veldig glad viss fleire kommenterer og,
og eg set veldig pris på dei som skriv ei lita helsing til meg.

søndag 9. desember 2012

Ny ynskjeliste frå Hviit.no



Her er mi ynskeliste for veke 3 i utfordringa til Hviit.no.

Gå inn her , så kan du legge inn di ynskjeliste og!

God kveld til alle!




Solskinn


Ein dag eg var heime, skein sola så flott.
Den laga skuggar på veggen når eg tok bileta.


Fin lærk, men enda finare stjerner.
Nokon av dei har eg laga sjølv, med papir frå Dagbladet magasinet.
Skal kjøpe meg papirkuttar,
for det trengs når eg skal lage slike stjerner.
Det er viktig med beine strimler.
Skal love deg at dei ikkje alltid blir beine når eg skal klyppa...LOL...


Gamal vinballong frå barndommens rike.
Lærk frå Omvikdalen.
Stjerner DIY.


I dag trur eg vi må sjå langt etter sola,
det bles, er 2,5 plussgrader og våt snø.

Men vi skal på teater og sjå "Reisen til julestjernen",
og ikkje nok med det,
vi skal på hotellet og ete middag etterpå.
Perfekt å bli invitert på Familiejulebord ein slik søndag.
Mannen er på si 3. veke på jobb 
og ungane er lei "kjappismaten".

Fin søndag til dåke alle.
Velkommen til nye følgarar og lesarar,
eg set pris på dåke alle!