lørdag 3. november 2012

Kos


Kos er eit ord vi kan setje saman med mykje,
haustkos
innekos
matkos
familiekos
førjulskos
sofakos
kjærestekos
mammakos

Mitt bidrag til NIB si novemberutfordring: KOS

Kos dåke alle i helga!


torsdag 1. november 2012

Og vinnaren er....



Vinnaren av give awayen eg har hatt i lag med 
Fredheim Blomster er:

MØYFRID


Gratulera så mykje!

onsdag 31. oktober 2012

Livet endrar seg stadig

Bilde er lånt frå Hviit.no 

Livet er heile tida i endring.
Vi blir fortalt at vi skal nyte kvar ein dag,
for vi veit aldri kva dag som blir den siste.
Så sant som det er sagt.



For 4 månadar sidan tok eg eit valg.
Eg valgte å ta ein pause, og den pausen startar no.
Frå laurdag har eg eitt års permisjon frå min daglege jobb i
barneverntenesta.
Eg gler meg til nye utfordringar og ein annleis kvardag.
Damene på jobben klarar seg godt,
dei er eit flott team.


Eg skal ikkje gå i hi som bjørnen her, 
men heller hoppa rundt som haren over!

Og ja, eg ynskjer meg veldig koppane frå Mugtail.
hint hint...det er snart jul!!!

For ei god stund sidan søkte eg om medlemskap i 
NIB
Norske interiørbloggar

Etter at dei no har gjort ein kjempejobb med å skifte side,
er dei snart klare.
Og eg KVARDAGSGLEDER er stolt medlem.


Gler meg til å vere ein del av gjengen,
og til å delta på utfordringane.
Solveig og Ann Helen er to flotte og flinke damer, som 
er svært inspirerande for oss andre.

No skal eg inn til Fredheim Blomster og planlegge litt til 
Damenes Aften på fredag.

I morgon er det trekning på Give Away, bli med du og!!
Sjå link øverst på sida ;-)

søndag 28. oktober 2012

Vintertid


Om hausten bugnar det av epler,
iallefall i hagen til pappa.
Men på butikken er nesten dei norske epla dyrare enn utanlandske.
Eg meinar det burde vore omvendt.
Kor blei det av "kortreist mat"?


Det vart visst mykje med meg heim frå huset til besto.
Likar så godt å ta vare på gamle ting, og prøver
å få det til å passe inn i det "moderne" huset mitt.




Bror min lurte på kva i all verden eg skulle med den gamle krakken.
Sjå kor fin den er hos meg då!


Har ingen planar om å gjere noko med den,
eg vil behalde den nett som den er.



Vintertid i ordets rette forstand.
Vi har stilt klokka i natt,
og difor var vi oppe kl 6 i dag!
Ute er det kvitkledde fjell og bakkar.
Minusgrader og dunjakka er pakka fram.
Nett før eg tar fram julapynten, for dette gjer meg den rette julastemningen.
Eg får vel vente ein månad til, men ikkje lenger.

God søndag til dåke alle.