lørdag 22. juni 2013

Sommerkveld


Etter at eg kom heim frå Nice, var det faktisk nokre fine dagar.
Det gjekk an å sitje ute på terassen.

(javel, så har eg tak, terassevarmar og levegg.....)



I gamlebyen i Nice kjøpte eg Ice Bag.

Perfekt for å halde Chablièn kald.



Eg tok vatn og isbitar oppi.


Med handtaka kan eg bere den med meg om eg vil.


Sjølvsagt i råsa.

Det er lite som minnar om sommarkveld her no,
det høljar ner.

Men eg sit inne, har det tørt og varmt.

I morgon er det St.hans. 
Men er det noko å feire, at sola snur, når vi knapt har fått nytta den....?

Joda, feiring må til.
Håpe på opplett om ikkje anna.

fredag 21. juni 2013

Det må vere lov...


Sånn i all beskjedenhet få lov å komme med den ultimate ynskjelista til bursdagen sin??

Kubus 4 i forniklet utgåve




Kubus bowl


Kvit String Pocket hylle 



Kvitt Hay DLM bord


Rosa og gul Mano kopp

( elske Kâhler uansett )



Mugtail koppar


Kâhler lyshus


Eg elske pakkar,
eg elske å ha bursdag.
Eg ønske meg alt, spesielt det eg ikkje visste at eg ønska meg,
men som er perfekt.

I år er det lite optimale forhold rundt bursdagen.
Mannen er på jobb (kor blir oppvartinga av??)
Eg må jobbe både den dagen og dagen etter...(burde vore obligatorisk med fri på bursdagen)
Fleire av dei beste er på ferie eller opptekne med andre ting...
og på toppen av det heile er det halvrund dag...

Men slapp av, feiring blir da!

No er det helg, kos og fri.

God helg til deg.










tirsdag 18. juni 2013

Materialistisk lykke!


Ting




Møblar


Fint å sjå på


Godt å sitje i


Kult design



Eg er så utruleg glad i den nye stolen min

ACAPULCO

søndag 16. juni 2013

Uteliv


For eit herleg vær det har vore i dag.
Stort sett sol, og varmt.

Eg knipsa nokre bilder av uteplassen vår i sola.

Over er det bilde av ei rosa morsdagsrose,
perfekt farge.



Denne friperioden til mannen har vi malt heile huset og garasjen.
Deilig å vere ferdig med det.

Mannen har og laga rekkverk, le-vegg,
gjort ferdig trapp og terasse.

Flinkaste!


Etter at bilda vart tekne, har han saga av endane og fullført rundt heile.

Eg er så fornøyd.

Prikken over i-en med dei rosa pottene.


Snart har vi 4 års bryllaupsdag.
"Blomster/ lin bryllup"

Mannen har ønska seg eit prydkirsebær-tre i hagen.
Eg har kjøpt eit til han i bryllupsdagspresang.

Det er planta allerede, midt på plenen.


Hagen byrjar å ta form,
sjølv om plenen....


....ja, plenen snakkar vi ikkje om.

No er friperioden over og mannen reiser på jobb att til veka.

Så får vi sjå om eg klarar å utføre noko medan han er vekke.

Snart er det ferie, og då hadde det vore kjekt å vore "ferdige" med nokre prosjekt iallefall.