fredag 5. april 2013

Vårinspirasjon


Av og til går eg og grublar og planlegger blogginnlegg.
I periodar poppar ideane fram, andre tider er det fullstendig tomt...

Eg har grubla lenge på temaet til NIB:
Vårinspirasjon

Dette er så absolutt vårinspirasjon!


Sidan sola har steikt kvar einaste dag så lenge eg kan hugse,
kriblar det i heile kroppen med å dille og dalle ute,
i hage og på terasse.



Glaskassen frå Bloomingville kan brukast til så mykje,
sjå kor tøft det vart med perleblom og lys.
Skikkeleg skjønt med råsa sommarfuglar frå Fredheim Blomster i lag med.


I år har eg flytta sofagruppa ut på terassen. 
Før stod den under tak, utanfor kjøkkenet.
men no står stolane eg har hatt inne der....
Slapp av, eg skal visa dåke snart!!


Råsa hortensia produsert hjå Fredheim Gartneri,
og denne er sponsa så det held, frå nettopp Fredheim Gartneri
til å bruke på desse bilda.

Eg ler.


Her har jammen fotografen snike seg med og.


Rosa puter frå HM Home
Den i midten er sjølvsydd med trykk frå Stoff og Stil.


Pledd er sentralt både no tidleg vår,
men og på litt kjølige sommarkveldar.
Pelspledd frå KID er fantastisk.


Med bilder frå terassen deltar eg med bidrag nr 2 i 
NIB si april utfordring.

torsdag 4. april 2013

Ei skål, fleire mulighetar


Kanskje nokon kjenner igjen skåla eg brukte til adventstake i år.

Ei skål kan ha mange bruksområder.


Skåla kjøpte eg på loppis i haust for kr 10.
Trur eigentleg det er ein salatbolle.

Eg bruker kvit dekorstein i botnen, og dandere lys og ugler innimellom.

Dei kvite uglene er eigentleg salt- og pepper ugler, 
men det har aldri komme noko salt eller pepper i dei. 
Det er dei for fine til


Synst det vart ganske stiligt.


Ingen tvil om at ugler er flotte dyr,
kloke er dei og.

Eg har ikkje tal på alle uglene mine, 
og fleire er eg heilt sikker på at eg anskaffar meg.

I dag har eg vaska hus,
iallefall golva.
Ungane skulle hjelpa meg....

Det vart plutselig så stille...

Fann dei forann tv nede i kjellaren....

Ja, ja, det er greitt, så fekk eg og fred til å gjere meg ferdig!

Velkommen til nye følgarar,
håpar de vil like dykk her inne hos meg!

tirsdag 2. april 2013

Elsker, elsker ikkje...


Våren har aldri vore nærare enn den er no. 
Sol og varmt på dagtid, og litt frost om natta.
- Er jo sånn det alltid er-

Er bare det at det har teke litt lang tid i år.


I dag har eg klypt vekk mange flotte margaritt-blomar...
Dei blømte nett litt for tidleg.

Eg måtte ta med meg nokre av dei heim og foreviga dei.

De skulle bare visst for ein herleg jobb eg har for tida,
bare lukta av alle sommarblomane som såvidt har byrja bløme.....

Er ikkje lenge til vi kan plante dei alle saman ute!!


Margaritt-blomar i vatn, på eit fat ; 
Dette er mitt bidrag til NIB si utfordring i april:

VÅRFORBEREDELSAR


Eg forberedar meg til våren med å gjere klart ute, 
og kan snart ikkje vente med å plante blomar
 eller kjøpe dei knallråååsa pottene eg skal ha i år.

Sjå mange andre flotte vårbidrag her

mandag 1. april 2013

Bloggtreff hos MyDream


I går kveld var eg så heldig å vere gjest på mitt aller fyrste bloggtreff.

Diana med bloggen MyDream var vertinne,
og er så utruleg glad for at eg vart invitert.

Tema var: Dots



Fargane som gjekk igjen var svart, kvitt og rosa.

Eg er mektig imponert over kor flott og gjennomført det vart.
ALT hadde ho tenkt på.


Sjå kor flott ho hadde pynta bordet.

Diana er utruleg kreativ, og flink til å sjå muligheter.
Det er og ein av grunnane til at ho gjekk til topps i 
redesign konkurransen som lokalavisa Grenda arrangerte før påske.


Dette er ei kake, folkens.
Vi fekk alle kvar vår.
(eg har enda litt restar igjen i kjøleskåpet)

Det er Silje Gudding på Husnes som har laga kakene.

Den smakte fantastisk


Goodiebag fekk vi og, og er det noko 
Kvardagsglede-Solveig likar, 
så er det slike.
Gjennomført her og!


Oppi posane var det flotte gåver.

Dekorflis frå Far-Far
Skål frå Lady Burk
Kakao"stick" frå Stemning


Vertinne for kvelden,  flotte Diana!!


Sjekk den deilige maten vi fekk og.
Tapas, et så mykje du vil.
Sjølvsagt gjorde eg nettopp det, åt mykje.
Eg er mett enda. ler for meg sjølv

Sprudlevatn fekk vi og i mengder,
og dei 6 flotte damene som deltok sprudla og!

Tusen takk for ein super kveld, Diana, Elisabeth,
Signe, Marian og Evelyn!

søndag 31. mars 2013

1.påskedags frukost


1. påskedag allerede, 3 fridagar er forbi.
Ein dag på ski i fjellet -> fantastisk
Ein dag med kos i hagen, grilling på 
bålpanna og muffins 
i store mengder 
-> fantastisk
( eller kunne nok vore enda meir fantastisk viss ungane 
hadde leika fint, ingen krangla, ingen hylte,
alle dissa etter tur, delte likt osv.... 
men det skjer berre i draumar...)

Og til slutt ein dag med påskerebus 
etterfulgt av pølsegrilling i 
øvre Skeishagen -> fantastisk.




Meir påskestemning enn dette 
skal eg leite lenge etter.

Gul er ein fin farge, spør du meg.

Derfor skulle eg koke gule egg til påskefrukosten....


Kok med løkskal seier ekspertane.


Blei det for mykje løkskal?

Det i midten skulle bli gult....
Det er vel meir likt dei vanlege brune egga??

Kva har eg gjort feil?


Påskehøno var lika blid den, om egget var sånn eller sånn utanpå


for inni er dei alle like!

God påske vidare til alle saman.

Eg skal levere ungar til besteforeldre i dag, 
for eg skal på mitt aller fyrste bloggtreff i kveld.
Gler meg veldig!