lørdag 12. februar 2011

Gulrotkaka


Sidan det er morsdag i morgon, har eg invitert mammo mi, og resten av familien, på middag i morgon. Tradisjonen tru må vi ha morsdagskaka og. I år blir det gulrotkake:

4 dl sukker
4 egg
4,5 dl kveitemjøl
2 ts natron
2 ts kanel
300 gram meierismør
8 dl raspa gulrot
1 dl malte hasselnøttkjerner

Pisk egg og sukker nesten kvitt. Bland i det tørre og smelta smør. Ha i gulrot til slutt. Bland alt godt. Hos meg gjorde Kenwooden jobben!

Ha røra i ei smurt form 26 cm. Steik på 175 grader midt i ovnen i ca 1 time.

Glasur:
125 gram Philadelfiaost
75 gram meierismør
250 gram melis
2 ts vaniljesukker

Bland saman romtemperert smør med det andre, til ein fin krem
 Smør den på kaka. Dryss hakka hasselnøtter oppå, og nyt kaka!

I kveld har eg tent eit lys for mine to sambygdingar som omkom i den tragiske rasulukka i Eikedalen på fredag. Tankane mine går til familiane deira.

fredag 11. februar 2011

Ein dyrisk fredag


Endeleg er det "fredda`n" og for oss kommuneansatte, LØNNINGSDAG!

Til vanleg er det ein dag som vert sett fram til med lengsel. Denne gangen har eg faktisk klart å spare litt, så eg var ikkje tom...( men eg må jo innrømma at mannen har spandert tanna mi! takk, kjære!)


Var ein tur på "senteret" etter jobb. Det er 30 % på alle varer på Vero Moda og på jeans på Jack and Jones, og 3 for 2 på Cubus! Det var med ei bukse og ein gensar til mannen, dette utruleg lekre skjerfet til meg( !), litt nytt undertøy, ein topp og verdens beste bukse! I tillegg har eg kjøpt årets fyrste capri-bukse hos Tilbords-butikken. Kanskje det kjem bilde ein dag?!?

Eg drikke vin og ser på "Senkveld"...

søndag 6. februar 2011

Helgepusslerier

 Mens Sabeltann ljoma i øveste etasje, og Bolt kjempa i fyrste etasje, sat ho mor ved symaskina.

Prosjektet var morsdagsgåve til mamma. ( Det er neste søndag alltså, tidlig ute bare!)  Ho ønska seg ei pute, og sidan ho likar godt fargen blå, så blei det blått! Nokre av desse stoffa brukte eg på julegåvene hennas og. (Ho fekk toalettveske, hjerter, oppbevaringskorg og ein oppbevaringspose!) 


Eg tar sjangsen på å vise puta her, for ho er ikkje innpå her likavel. Og viss du kjære mamma er inne på bloggen min, så vert eg så glad, at om du ser puta, gjer det ingenting. Tullemor har jo allerede fortalt det til henne. Mamma kom innom her i dag, og då tullemor åpna sa ho: " vi har puta til deg, bestemor!"


I går var vi på basar i ungdomshuset, og då vann eg denne lilla huo! Lilla er jo favoritt fargen jo!!!

Og ikkje skal eg frysa på beino heller! Egentli så skulle eg gitt desse te kusine-Heidi. For eg har lova ho tøfler sidan før jul, og eg er ikkje ferdig med dei enda.....bruker heller tida mi på blogging enn å strikke. Huff og huff...beklage, kjære kusine. Til helga kanskje??

Ha ei fin veke alle saman!