fredag 23. april 2010

Helg!


Var innom Hagesenteret i dag, og bare måtte ha med meg desse pottene med vårblomar i! Det var komme inn masse fint der oppe no. ( Nokon som veit kva det som står på betyr?)

Men det som ikkje kom fram på bildet, var at det snødde ute...Og det har det gjort i heile dag. Snø, hagl, regn, sol om kvarandre. Men i følge mamma, er dette heilt vanleg i april og delvis mai.

Eg har no vore heime i 14 dagar. Eg gjekk på ein liten "smell". Det var nok ein totalsituasjon av ein travel kvardag med barn, hus, jobb og det å alltid skal strekke til på alt. Eg fanga opp signala tidleg, og vart sjukemeldt. Eg har no fått henta meg inn, gått masse tur, hatt kvalitetstid med ungane, løyst kryssord og lege i badekaret! Høyres ut som ein ferie, men det har ikkje bare vore det. Eg har hatt litt oppturar og litt nedturar i løpet av denne tida. Og har måtta tatt nåken valg i høve jobb og privat. Og når eg kjem tilbake på jobb på mandag, skal eg ta til med litt andre arbeidsoppgåver. Tusen takk til sjefen min som har fulgt meg veldi godt opp denne tida, det har alt å sei!

No har eg fått mannen heim frå nordsjøen, og skal kose meg med han og litt Maarud chips i kveld! Ha ei fin helg alle saman.

torsdag 22. april 2010

Vaskerom

No er prospektet for salg av huset vårt klart. Det blir lagt ut på Finn.no no snart, og i lokalavisene i neste veke. Så blir det visning 9. mai! Gurimalla alltså, no e eg spent på forsettelsen.

Så då viser eg vaskerommet mitt i dag. Da e vel eit av dei romma eg er mest fornøyd med. Masse skap og skuffeplass, ved å bruke kjøkken innredning frå Ikea. Eg har 6 skittentøyskorger (Ikea) som eg sorterer kle i, og når eg skal vaske kan eg bare trille den til vaskemaskina, og legge inne. Veldi lettvint!

Tørkestativa er og frå Ikea, og dei kan eg heise opp og ned. Praktisk når ein skal henge opp, og så kan eg heise dei opp så dei ikkje kjem i vegen for noko. Eg liker Ikea!

Og på Stemning i Rosendal fann eg denne vaskepulverboksen. Den var så stilig at eg kunne ikkje la den vere igjen der inne...


onsdag 21. april 2010

Vår Ronaldo

I går starta fotballsesongen for ein veldig spent og fotballklar gjeng i Rosendal.

Om dette er den nye Ronaldo?! Ja, det vil tida vise!

Men det var iallefall ein stykk glad 5 åring som gjekk heim i går, og kan nesten ikkje vente til neste tysdag!

I natt har tullemor hosta mykje, og skal vere heime i dag. Og for litt sidan ringte pappen, som var komt til Bergen. Jippi! Då skal vi hente han i Rosendal kl 10.55. Og pappen ville at junior og skulle få vera med å henta han, så då fekk plutseli han og fri!! Hurra!

mandag 19. april 2010

Junior sitt rom

Viser dåke bilder frå junior sitt rom og i samme slengen. 


Han er som gutar flest, interessert i piratar, Supermann, Spidermann, Batmann, Star Wars osv. Eg prøver å henge med så godt eg kan, men eg må sei stopp innimellom. Når han kjem heim frå barnehagen og seier at " mamma, sant Supermann finns på ekta?" Klarar eg ikkje alltid å spele med. Eg prøver å realitetsorientere han om at nei, Supermann finns ikkje på ekta. " Men da seie ..... at han gjer". Oj oj oj, kva har den si mamma sagt når poden har spurt?

Eg synst iallefall at på nokon områder må ein vere ærleg....men så var det denne julenissen og påskeharen då....