torsdag 26. mai 2011

Neste steg


1. etasje i huset. Her blir det bad inni kroken der, rett fram. 3 soverom, kjellarstove, vaskerom, og teknisk rom. Mellom dei murveggane nærmast her, kjem trappo ner.


Garasje-kjellar med verkstad/ furtebu med meir!!



Her er inngangspartiet til 2. etasje i huset og innkjørsel til garasjen.


Utsikten frå stovo!!

Kan jo nesten sjå om naboen har kaffi på kanno!!

Her i huset har fruen gått til angrep på skittentøyskorgo. Blir den aldri tom???

onsdag 25. mai 2011

Kaffityst?



Då kan du ta turen til meg, og få ein god Illy Espresso frå dei nydelege Stockholm Design House koppane, som eg har kjøpt hos Årmann i Rosendal. 


For mange år sidan kjøpte vi oss ei Gaggia maskin, til å lage espresso og anna kaffi med. Den vart etterkvart lite brukt, og vi byrja ynskje oss ei Nespresso maskin. Kjende på oss at det var kanskje litt råflott å ha både ei slik, ei slik og ein moccamaster... Så oppdaga vi desse "padsa" med ferdig kverna og pakka kaffi i, frå Illy ( som lagar fantastisk kaffi!), og kaffimaskina vår fekk nytt liv!


No er det enkelt, reinsleg og nydeleg med ein fersk espresso etter middag for eksempel. Eg er svært glad i vanleg traktar kaffi ( Friele sjølvsagt), og går no her og supar dagen lang!


Eit bilde fra lunsjen eg serverte arbeidsmannen min i dag. Salat, kyllingfile og nanbrød til. Den vart laga på 10 min, etter at blodsukkeret hadde nådd bunn nivå og det var gått litt for lang tid sidan frukostblandinga mi kl 7.30.... 


Har prøvt ut Vita Hjertegod sin nye med jordbær og rosiner. Heilt grei den, sunn er den iallefall!

I dag er det bursdagsfeiring til verdens beste Hilde!! Gratulere så mykje med dagen!!

søndag 22. mai 2011

Så lett kan det vere


For ei tid tilbake kjøpte eg ein duk hjå Stemning. Den låg i ei korg til  - 70 %. Den var 1 x 1 meter, og eg såg to puter i den med ein gong.


Så då var det å setje seg ned med denne gode veninna, og vips...


hadde vi to nye puter i sofaen!

Sidan det då berre var nok stoff til putene, som er 50x50 cm, så måtte eg "juksa litt". Eg sydde dei rett og slett heilt igjen. Så får eg sprette dei opp når eg skal vaske dei. No problemos når ein bare kan da!

Så gjere vi oss klar for ei ny veka, nistene er smurde, kle skal leggast fram ( mon tru om Sabeltann gensaren er rein???) og vi må igjen vekke ungane kl 6,30.

Ha ei fin veke alle saman!

Re: Signert av Signe Schineller


Bloggen til Signe Schineller er eit mekka for oss som likar gjenbruk og redesign.

No har ho ein give away, der ein kan vinne boka 

Norges Vakreste
og
abonnement på bladet Maison, der der er reportasje frå huset hennas på øya Leka.


Klikk her for å komme til bloggen hennas.