tirsdag 8. oktober 2013

Travelt.no


Før i tida, snakka vi alltid om at hausten var så lang og kjedlig.
Det skjedde liksom ingenting,
og det var om-og-gjere å legge planar,
så ikkje det skulle bli så kjedlig.


Skjønar ikkje kva vi tenkte på.

Hausten er jammen meg den travlaste tida på året.
Foreldremøter,
oppstart av aktivitetar,
ny jobb for ho mor,
paraglidertur for han far,
haustferie,
og så skal vi bake eplekake.



Men oppi det heile er hausten nydeleg.
Fantastiske fargar på epler,
tre og buskar.

Eg tenner stearinlys og har på ullsokkar.

Planlegger julegåver og gler meg til desember.

Hausten er jo ein eksplosjon for interiør...
eg ønske meg ALT.
Ønskelista til jul er allerede LANG!


Vart nesten litt julete desse bilda, med dei flotte eplefargane.

Eg har "ryddebus" for tida, kastar med hard-hånd,
finn ting eg ikkje hugsar eg hadde,
finn fram ting eg skal levere på loppis.

Og på toppen av det heile har mannen vore på Ikea i dag,
så no er huset fylt opp med papp.

Har vi ikkje nok å gjere,
så lagar vi oss meir å gjere.

Tjohei kor det går!!