lørdag 15. januar 2011

Godis

 Kem har sagt at Godis bare er godteri? For meg er nemlig godis og blomar. Skålene frå Bruka er supre som blomapotter og, faktisk!
Og på Fredheim Blomster har dei for tida desse flotte campanula`ne, som står så fint og blømer på kjøkkenet mitt no.

I dagmorges før mannen og junior for til Fjellhaugen for å stå slalåm, spurte mannen kva eg og tullemor skulle gjere på i dag? Eg svara at eg faktisk ikkje hadde noko planar. Han sa då: ( hald dykk fast damer og menn!!) "Ta visa-kortet mitt, reis inn te Rosendal og kos dåke!"

Sidan det er svært mørkt og regnfylt ute, skal eg ta bilder av kva vi gjorde i Rosendal.....i måro!

Nyt laurdagen alle saman! Vi har sett "Charlie og sjokoladefabrikken", ete popcorn og sjokolade med ungane. Tullemor fekk "sukkersjokk" og var hyper, men junior huska alt som skjedde i filmen, etter at vi har lese boka fleire gonger!!

torsdag 13. januar 2011

Award

 Eg har fått ein award i dag!! Tjoho. Eg har ikkje fått så mange slike, og difor vert eg ekstra glad. Denne awarden fekk eg av Marihøno. Tusen takk!

 The Stylish Blogger Award er en stafettpinne-utnevnelse. 
Jeg må nå:

* fortelle 7 ting om meg selv
* velge ut 15 fra min egen bloggroll og gi "The Stylish Blog Award" videre til dem
* linke en takk tilbake til henne jeg fikk "The Stylish Blog Award" av og gi beskjed til de 15 jeg velger om at de har fått en award.

Oki, her er det bare å setje i gang:

- eg har fått ein forkjærlighet for rosemønster :-)

- må smøre leppene mine med Mentholatum (den grøne tuben) før eg går og legg meg, ellers får eg ikkje sova.

- likar ikkje å køyre på glatta. Kan sjå for meg kor det kan gå gale, og det kan ta nattesøvnen frå meg!

- har funne gleden ved å produsere ting med symaskina. No gjeld det bare å finne rett stoff, og kome i gjenge igjen. Gler meg te Marihøno skal setja planen i verk!!

- likar spesielt godt gjærbakst, og synst sjølv eg er svært god til å bake!

- elskar mannen min svært høgt <3

- likar kvardagar best!!
Eg gjer denne vidare til:

Rodihob
Kalas Mystiske Hjørne
Lailas glutenfrie krok
Den gode feen
Trollmortull
Snill Pike
Tre Kusiner
Jordbærpiken
Anna Johanna
Rigmor sitt vesle verdenshjørne
Husmordronninga
Min vinterverden
Min Stil
Talentina
Putitinabox

No er det spinning!!

onsdag 12. januar 2011

Deilige fridag

 Kvar onsdag har eg fri frå jobben min. Dagen byrjar alltid med å stå opp med ungane. Så går vi i lag til skule og barnehage. Takk og pris for at vi har flytta. No har vi gangavstand til ungane sine dagaktivitetar.

Etterpå går eg tur. Så er det husarbeid og anna som føl med. Av og til tar eg turen til frisøren, som i dag. Kl 9 var eg på plass, for klypping! Etterpå bevilga eg meg eit nytt blad. Eg hadde tenkt å kjøpe KK, men dei hadde rett og slett ikkje fått den nye utgåva. Hmmm
Etter at jula er ute, er det ofte litt fargelaust i huset. Lysten til å kjøpe noko nytt SPRENGER PÅ! Saken er at vi jo skal bygge nytt hus, og eg vil vente med nye ting til det. kjekt var det då at eg fekk ei ny krukke til jul. Fylte den med konglene eg samla i hagen. Så kom litt av den rosa pynten fram. Rosemønsteret ventar eg litt til med, før eg tar fram.
 Og eg har blitt svært flink til å bruke det eg har, ved å flytte litt på det, så blir det jo nett som nytt!

Junior kjem heim frå skulen kl 12,15 om onsdagen. Då er det leksegjering, før anna aktivitet.

Onsdagane har eg ein plan om å laga middag som tar litt meir tid, enn i den travle kvardagen. Pannekaker er ein favoritt, og det står på menyen i dag. Junior har hatt eit ynskje om dessert i det siste. Vi har no ein avtale om å ha dessert om onsdagar og søndagar. I går laga vi grønn gele, som vi skal ha etter pannekakene i dag. Vi har nytta bamseform, og han har vore ute og sjekka 3 gonger at den er der (!) og at den er stiv. ( Vi nyttar uteboden som kjøleskåp no når det er kaldt ute!)
Eg får ofte kommentarar frå kjente på "gato" om at dei les bloggen min. Det set eg veldig pris på! Og takk til alle dei 28 følgarane mine. Det er alle dåke som inspirerer meg til å blogga. Eit ynskje er at de legg att ein kommentar innimellom... men eg ser på teljaren at de har vore innom. Av og til stoppar det opp med kva eg skal blogge om, så tips tar eg imot med takk!

Kommentarar: klikk på "kommentar". Skriv det du ynskjer. Velg profil "anonym" dersom du ikkje har eigen profil. Skriv det "rare ordet" som kjem opp som kontroll. Og klikk igjen på feltet for å legge kommentaren til! Detta klare dåke ;-)

Ha ein strålande onsdag alle saman!

tirsdag 11. januar 2011

Grove lappar

 Ein av fordelane ( og det er ikkje mange...) ved å vera sjuk, er at ein kan ligga på sofaen og sjå God Morgon Norge. På mandag laga Wenche grove lappar. Det kalla ho eit "sunt alternativ" til frukost og kvelds. Eg tenkte eg ville prøve. Oppskrifta finn de her .
Tullemor ville sjølvsagt hjelpe til!
 Desse kan du steike i steikepanne. Og det var veldig enkelt.
 Her er resultatet. Ungane likte det godt. Det er klart at alt smakar best når du har vore med og laga det sjølv.
Eit forslag til pålegg var ost og paprika. Eg testa da ut, og synst det var veldig godt. Ungane hadde prim, og kvitost med jordbærsyltetøy. Mannen sa at dei nok var best varme, eller tempererte. Det har han nok rett i. Han var nemlig ute og måka snø, mens vi frotsa i nysteikt kvelds.

No skal eg ut og gå, for vi har skritt-teljingskonkurranse på jobb, og eg må henga i!!

mandag 10. januar 2011

Nere for telling?

Dei siste månadane har eg vel følt at eg har vore nere for telling. Det byrja i slutten av oktober, med stygg hoste. Eg hosta til eg kasta opp rett og slett. Då eg var heime frå jobb for andre gang, tok eg meg ein tur til lege. Han tok prøvar av meg, og konstanterte kikhoste. Det var då for seint å behandle, og eg var på ein måte frisk, så kroppen hadde lega seg sjølv.

Men det er no ein gang slik, at har du vore småsjuk / hangla over tid, ja då vert immunforsvaret svekka og kroppen slappare. Det er tyngre å ta tak i ting, og kvardagen vert litt tung å komma gjennom. Men heldigvis har det gått bra!
Denne rockeringen har ikkje vore så alt for mykje i bruk, desverre. Eg har ein intensjon om å komma i gang igjen, men dagane går.... 

Sist helg hadde ungane omgangsjuka, og vi vaksne tørka spy og tørka tårer. Så vart ungane friske, og kvardagen kom i gang igjen. Så vart vi vaksne sjuke. Frå eg kjende eg var kvalm, til eg kasta opp, gjekk det ikkje meir enn 30 min. Og på toppen av det heile, kom mannen heim og for opp. Etter det såg eg ikkje meir til han, den kvelden...Samma sjuko der og.

Heldigvis har vi snille besteforeldre som kom og henta ungane dagen etter, gav dei omsorg, mat og aktivitet, for det var ikkje foreldra i stand til.
Eg har veldig lyst på sånne no, men trur eg begynne med ei lita skive med smør....
Eg håpar at det er over for ei stund no, at eg kan bygga meg opp igjen. Eg ventar vel bare på at ungane skal få vannkoppar snart, då det går litt rundt omkring. Men vi skal ta i mot, for det er faktisk ingenting vi kan gjere, når det fyrst er komme innomhus. 

God betring til alle andre som er sjuke. De har mi medkjensle, for eg veit korleis de har det. Og til alle friske, nyt det!

søndag 9. januar 2011

Kjem sterkare tilbake

seinare i veko...

her herjar omgansjuka hos oss voksne, og eg har måtta sendt ungane til besteforeldra... Derfor lite blogging. men eg kjem tilbake, før de anar...

Viser eit bilde av dei skjønne julabukkane vi sendte ut herfrå på torsdag. Klovnen og cowboyen er mine.