onsdag 8. juni 2011

Bursdagsgåve


Mi kjære kusine Heidi, fekk denne i posten i anledning bursdagen sin på søndag. Sidan ho har raud sofa, fann eg ut at ho måtte ha noko med litt raudt i. Kusine Heidi er ikkje så "rosete" som meg, men ho sa ho tålte litt. * ler *


Eg mottok eit bilde etter at puta var på plass på sofaen, og ho var strålande fornøyd. det gleda meg mykje!

Bror hennas har bursdag dagen etter, men vi vart invitert på kake og is på søndag. I strålande solskinn var det perfekt på altanen til Rodihop!!! Og sjokoladekako var fantastisk ( må få oppskrift!)

I dag er det fridag. Tullemor har fri, og snart skal vi hente junior på skulen. Vi skal kjøpe bursdagsgåve til bestemor som blir 60 år på søndag!

Ha ein super dag. Eg har smørt meg med solkrem og tatt på kortbukse, for det er meldt sol!!

søndag 5. juni 2011

Til salgs!


Kunne du tenke deg å kjøpe eit vitrineskap, ei bokhylle og ein pidestall i mørkt tre?


I så fall har du muligheten no!

2000kr for alle tre, eller kom med eit knakande godt bud, så skal vi sjå!

Eg har gått tre runder med meg sjølv om dette, men på grunn av for mykje flytting frametter, så har eg valgt å selge dei no. Håpar på respons!