torsdag 20. september 2012

Til helga kanskje...


Eg skulle bakt brød, 
eg skulle ha støvsugd,
eg skulle lagt saman kle,
eg skulle trent meir,
eg skulle ....

Men eg smøre nista til ungane av brødet
mi kjære veninne har baka til meg.
Så set eg meg i bilen i morgon tidleg,
set kursen sørøve,
til ei helg som bare e mi
og siddis-kusine si!

søndag 16. september 2012

Loppis


For ein herleg søndag.

Vi har vore på loppis i Raudaløo i dag,
og fleire skattar blei med meg heim.
Marian med bloggen Marihøno,
Signe med bloggane ReSignert og Signe Hjemmet og
Malena med bloggen Hellohellobaby
hadde brukt/loppis-marked med flotte skattar
og salg av suppe, kaker og kaffi.


Kâhler vase til kr 20,- 

Ferm Living kork-underlag (ubrukt) til kr 50,-


Den vesle vasen passar godt til den store eg allerede har.

Litt stoffbitar som skal bli til puter i stova.


Gamal vekkerklokke, som tikkar og går.

Eg føler eg har gjort eit scoop.
Og som Signe sa: " Du går etter alle merke-tinga mine du!!"
He he, jepp da gjere eg.
Og om sminkepungen er ekta Gucci eller ikkje, 
det gjer ingenting. Den passar meg perfekt!