onsdag 30. juni 2010

Bursdag!

På mandag var det min tur til å ha bursdag! Og det liker eg veldi godt. Eg har alltid gleda meg til bursdagen, frå eg var lita jente. Eit stort sakn for meg, var å få feira dagen i barnehage eller skule. For eg har jo bursdag midt i ferien.... det er vel det å få vere midtpunktet ein heil dag som er så forlokkande!!!

Eg fekk mange fine gåver. Denne flotte gåva fekk eg av bestisen min, som har vore to veker i Spania ( heldiggrisen).

Denne flotte Bruka mugga til Vatten (!) fekk eg saman med to hjerteskåler. Gåva var kjøpt hos Frk Lande, min favorittbutikk nr 1!!!!!!! Den fekk eg frå 4 veninner som hadde kjøpt i lag. Tusen takk!

Ellers fekk eg billettar til Mamma Mia i Bergen 6/11, treningstøy, ny Marian Keyes bok, pengar, Snacks skål, godis, oliventre( som skal komme i eit eige innlegg!) og fleire ting, samt  UTRULIG mange helsingar på fjesboko og sms. Tusen takk alle saman.

Det vart ikkje knipsa bilder på sjølve dagen. Men om kvelden om der sol, og vi sat ute på altanen og kosa oss med pastasalat, focaccia og gode kaker!! Så får eg bare vente eit heilt år til neste bursdag....