lørdag 9. februar 2013

God laurdag!


Vil ynskje alle lesarane mine ein god laurdag.

Eg skal på jobb og selga blomar til mange mødre i dag!

Tuddelidu!

fredag 8. februar 2013

Vinterglede


Snø i fjellet og oppkøyrte løyper,
og ikkje minst SOL!

(og ski frå 1996......)



Turen gjekk til Nautavatnet.
Akuratt passe tur for "ikkje trente skigåarar".


Godt turfølge.


God niste og kaffi på termos,
sånn grønt sitjeunderlag med "knottar".
Appelsina vart liggjande i sekken,
men sjokoladen.....ja,den åt vi!!


Beste turkamerat og kjæreste.




"....og alle var enige om at det hadde vore ein fin tur...."

Eg er så glad for at eg vart med, for turen var veldig fin.
To fall på vegen ned,må eg bare svelga...

No har eg sege ned i sofaen, lang dag på jobb og ein ny imåro.
Ha ein fin fredag alle saman.

Eg set pris på alle følgarar,
og eg blir glad dersom enda fleire vil bli følgarar på bloggen min!



torsdag 7. februar 2013

Vårlige tulipanar


Skulle nesten tru at eg var ein blomster og hage - blogg,
med alle desse blomainnlegga mine.

Men eg er glad i blomar, likar å pynte rundt meg.



Vakre tulipanar i flotte vårfargar.


Passar perfekt saman med Omaggio-vasen min.
Eit av mine beste kjøp på lang tid.


Flotte fargar i kontrast til det svarte og kvite.

Eg set mine tulipanar i kjøleskåpet om natta, så held eg dei lenger.
Pleier å setje dei på altanen,men med minusgrader og nysgjerrige kattar, 
er ikkje det så lurt lenger... 

På søndag er det morsdag dåke.
Er ikkje alle som markerer denne dagen,
men dette er ein tradisjon vi markerar i vår familie.
I år skal eg inviterer mi mor middag og ho skal få fastelavensbollar til dessert.

Eg skal jobbe på blomabutikken og selge flotte blomar til mange mødre i området.
Kanskje du er ei av dei heldige!!

onsdag 6. februar 2013

Hortensia


Blå Hortensia,
finns ikkje noko finare nett no.

Blomabutikkane bugnar av denne flotte blomen.

Familiebedrifta leverer i desse dagar ut tusenvis av desse flotte blomane 
til blomabutikkar rundt på vestlandet.


Eg har valgt å setje min ute i gangen, oppå den gamle og "mitetne"
krakken min. 

Sola skein inn vindauga då eg tok bileta.
Bileta vart litt duse, noko som mogeleg er eit resultat av svært skitne vindauger....
Shit la gå, kan jo ikkje vaska dei no når det er så kaldt likavel!


Hortensia finns i mange flotte fargar.


Til våren kan vi plante dei ut,
og dei kjem att år etter år.


Stor og flott plante,krev lite stell....
men må vatnast nesten dagleg når dei er så store som denne.

Dette innlegget er ikkje sponsa i det heile,
eller kanskje litt...

Ha ein strålande torsdagskveld alle flotte lesarar.

Eg skal no støvsuge, legge saman kle, vaske kle, rydde og smørje niste....
nett som det skal vere....eller er iallefall....

tirsdag 5. februar 2013

Kontrastar


NIB (Norske interiørblogger) si utfordring i februar er

KONTRASTAR

Det øverste bildet er mitt bidrag.

I heimen min er det mange kontrastar
Svart - kvitt
Nytt - gamalt
Natur - design
Kalde fargar - varme fargar
Nøytrale fargar - knall fargar

Sjå alle dei flotte bidraga på NIB sine sider ved å klikke her.




Den nederste puta er designpute fra Louise Roe.
Puta i midten har eg laga av ein gamal gensar og 
den øveste er "nylaga" av ei gamal jakke og fargen bryt med resten,
alltså kontrastar.


Bjørkestubben har eg hatt lenge no,og den vert berre finare og finare.
Satsar på at den er tørr og utan kryp no....


Husreglane er enkle, viktige og lette å bryte innimellom.

Fridag i dag, er inne av alle ting.
Men nyter synet av det fine været ute.

Eg har fått fleire spørsmål om kva golv vi har.
Det er kvitmattlakka parkett i ask.