lørdag 2. mai 2009

Utdrikkingslag 1

Så var da fyrsta utdrikkingslaget overstått ( dvs at formen hans er vel ikkje heilt på topp endo, så da går vel ein dag te med...)

Terje vart ringt etter av Rune, fredag 1. mai, om han kunne "koma og hjelpa han med noko". Eg hadde visst om dagen sidan påsken, men har klart å halda da skjult:-)Han tok sjølvsagt med seg Andreas, sjølv om eg prøvde å forhindra da, for han likar jo godt å vera med på sånne jobbar. Men tante Marianne tok seg av han, og han fekk bada han, mens pappen fekk bind for augene! Og han vart skikkeli lurt, ja. veldi morsomt!

Så bar turen til Ljøkelsøy og paintball, og Skånevik for meir fest og moro. Båten te Jonny var skyssmiddel, og omlag 23 guttaboys fekk ta seg ut da dei kunne. Brudgommen sjølv er veldig nøgd, som han sa: "ein fest i Terje Hansen si ånd..." Så då må vel alt vera bra.

Så e da bare å venta og sjå kva neste blir....