torsdag 4. juni 2009

Kjøgemester

I dag har vi hatt møte med Kjell Musland som er vår kjøgemester til bryllaupet 20. juni. Dersom der er nokon taletrengte eller nokon som har lyst å bidra med noko på den store dagen, ber vi dei ta kontakt med Kjell. Han har tlf 91582469.

Gjerne i god tid.

Alt skal vel ikkje ....

Alt skal vel ikkje gå heilt etter planen, sjølv for meg...? Så i dag ringte da ei svært hyggeleg dama frå Vinmonopolet, og sa at den eine vinen vi hadde bestilt, var dei tomme for, og tomme hos leverandøren. E DA MULI??????????????

Så då måtte eg ringa vin-ansvarleg og meddela detta. ( Ho synst da høyrtes veldi rart ut...men vi må jo stola på da!) Og så måtte eg stoppa trykkinga av menykorta, der denne vinen jo sto oppført. Og så kontakta data-ansvarleg for å meddele at vi må redigere menykorta og sende på nytt til trykkeriet. Forvirra? Slapp av, eg har kontroll.

tirsdag 2. juni 2009

Tida flyr


Vel, vel, då var vi over i juni månad, og det er i dag 18 dagar igjen... I dag har eg bestilt vin på Vinmonopolet.no og får da levert på posten. Genialt!! Plussa sjølvsagt på nåken flasker, tenk viss da sku gå tomt!!


Og no e kjolen komt heim! Alt tilbehøret er i boks ( sånn nokolunde iallefall)og viser bilde av dei flotte silkeskoa eg ska trippa rundt i på den store dagen!