lørdag 28. januar 2012

Eit steg nærmare; kjøkken


Her kjeme siste nytt frå eit snart klart kjøkken. Ventilatoren og koketoppen ( 80 cm induksjon) er på plass. Og til slutt kom den midt mellom vindaugene og. Flinke mannen min.


Øveskapo er på plass. På høgre sida her, skal vi ha høgskap med uttrekk.

Kjøkkenet er Kvik, Mano Høyglans.


Snikkeren i djup konsentrasjon.


"Betong" benkeplata mi. 


Dobbel vask. Her skal ingenting vere oppå disken. 

Fordelen med å ha flytta fleire plassar, er at då har eg fått prøvt ut fleire typar kjøkken. I forhold til vaskar, så ser eg på dei med ein sånn liten vask ved sida av den store, som HEILT ubrukelege. Ka ska eg bruka den til liksom???

Målet er innflytting ca 1. mars.

At vi måtte returnere parketten, og få ny...håpar vi ikkje forsinkar prosessen. Golvet var kjempefint, men ujamn tjukkelse etc, gjorde til at vi klaga. Godt å få gjort det no, og ikkje gå og irritere oss over det i ettertid.

Det er laurdag, pizza og godis.