fredag 18. september 2009

Mor sitt mareritt

Som mor til to små, er det ein ting som eg synst er eit mareritt, rett og slett. Da e når vi skal i sånt familieselskap, der da e forventa at alle skal sitja fint ved bordet og eta kaka.... Da går sjeldan bra for vår del... Og då eg e den einaste i familien som har klart å produsere barnebarn/oldeborn, ja så e da nok eg som føle på detta.

Og eit sånt selskap var vi i idag. Oldebesto hadde bursdag i går, og den skulle feirast idag. Ho hadde gjort alt ho kunne for at da sku bli eit kjekt selskap. Duk på bordet, da finaste servise, brus til ungane og vafler med 3 ulike syltetøy-valg... Så viste da seg at da va bare eg med to ungar og pappen min som kom. Andre var sjuke og kunne ikkje.... Eg e veldi gla for at vi kom, da blei oldebesto veldi gla for.
Og som vanleg i sånne selskap, så byrjar da bra. Ungane sit fint, og ete. Drikke fint av glaso sine, og mor slappar av. Så byrjar 1 åringen og gå opp og ned frå sofaen, skoen heng litt fast i duken, og bessen byrjar bli litt svett. Eldste på 4 år, har tatt på syletøy sjølv, og det tyte ut av vaflo, og drypper ned på golvteppet og duken. Mammo prøve å tørka opp, og hindre katastofe... Jada, så byrjar tullemor å drikke heilt sjølv frå glaset. Og då havna sjølvsagt colaen på kjolen. Ja, ja, bessen har på detta tidspunktet flytta prinsesso bort te ho mor.
No startar vandringa, ut på golvet, tilbake i sofaen, velta ein kopp (tom heldigvis!) og krangla litt, når mor seier dei må ete opp vafla dei har på tallerken, før dei kan ta ny. No byrjar sukkeret frå colaen å virke, og mine to håpefulle blir litt meir aktive av det. Så etter at mor har sagt at prinsen skal setje glaset frå seg og ikkje vandre rundt med det, 5 gonger, søler han det sjølvsagt ut på duken, golvet og over vaflefatet...
No har eg byrja snakke om å gå heim...og alt detta på 30 min. Så då var festen over, ut og lufte gulla litt, og inn i bilen. No ska vi heim. Og der var det over på under ein time... Puh, så var det ei stund til neste gang. Håpe snart nåken andre i familien og kan få nåken avkom, sånn at ikkje heile slekta meinar at eg har uoppdragne ungar, men at det er bare sånn ungar er!!

søndag 13. september 2009

Hvem er dere...

"Hvem er dere som er så små..." Kven hugsar ikkje Geir Børresen og smurfene, på slutten av 70 talet, byrjinga på 80 talet?? Dei skjønne små, som har komme igjen og igjen, med smufehits ol. Og kven har ikkje ungar idag som elskar smurfedropsa? Veit dei egentleg kven smurfene er? Vel, her kjeme eit bilde av ei smekker Smurfette!!

Anledningen for antrekket var 30 års dagen til ei veldig god veninne! Oppdraget var at alle som skulle på festen, skulle kle seg ut som noko eller nokon som byrja på same bokstaven som navnet deira! Så då sa da seg vel sjølv?? Mamma sydde hua, etter oppskrift på nettet. Kvit kjole som og vart funnen hos mamma, blå gensar, blå tights, kvite sko, blond parykk og blå ansiktsmaling, var da i boks! Og festen var ein suksess! Gratulere til Reidunn som er på veg inn i 30 åra!!