lørdag 4. februar 2012

Trapp


Skikkeleg dårlege bilder. Masse rot. Men eg må jo visa dåke den nya trappo likavel!!

Tullemor sine sjønne sandalar er med.


Kvit trapp, med aks trinn. Tett trapp. Kanskje vi kan utnytta plassen under.


Dette var jo knalllurt!! Sånn vil eg ha, kjære vakre mannen min  :-)
(Bilde lånt frå nettet)




Junior sitt rom, med sjakkgolv og svart vegg! Snart kjem svart rullegardin og diskokula og.


Detta vart eit rotete innlegg. Sånt likar eg ikkje, men  men .

Lørdag, snø, ungar på kvar sin Pad, mor bloggar og det er harmoni. Sånt likar vi! 

God lørdag til deg og!

fredag 3. februar 2012

Tatt av med tape


Papirtape. Riv av. Heng opp. Ta av igjen. Ingen merker.


Her er vel sånn omtrent årets kolleksjon. *Ler*
Eg klarte ikkje velge då eg skulle bestille frå Panduro. Og eg veit at dei kjeme til å verte brukt. Kan henge opp alt eg vil no. (mannen er naturleg skeptisk til slikt...kjeme sjølvsagt til å verte merker, meiner han.)


Kjøpte wallstickers frå Panduro og. Dei skal tullemor få på rommet sitt. Eg har nemlig sett i Panduro katalogen, eit tre som er laga med papirtape og så sat det ugler på greinene. Eit slikt skal eg lage!! 




torsdag 2. februar 2012

Snacks om våren


Perleblomen er på plass i vindauga mitt. Du kan kjøpa den hos Fredheim Blomster i Rosendal.
( Dagens reklame for familiebedrifta!!)

Problemet mitt er ofte at eg kjøper for mykje blomar når eg er i gang. Og så får eg ikkje nyta dei slik eg ynskjer...og sånn er det no. Perleblom, primula, roser i vase og tulipanar på ein gong.


Snacks som ikkje ein legg på seg av.

Vårteikna er berre inne i dag, for ute er det snø. La det komme litt meir, sånn at vi kan gå på ski og aka litt.


onsdag 1. februar 2012

DIY: Strikkaputa


Strikkaputa, laga av meg!!

Og eg har ikkje strikka ei maska.


"Det var ein gang ein gensar. Det var lagt ned timar på timar med arbeid med den. Desverre vart den lite brukt siste åra. Den låg berre der i skåpet og blomstra. Plutseleg ein dag, kom dotter i huset på at ho trengte ein slik gensar. Ikkje til å ha på seg denne gangen. Mor sjølv var litt usikke i byrjinga. Derfor måtte alle som  ein eller anna gong, kunne hatt bruk for ein sånn, prøve den. Den lengste fyrst. Han sa den var for liten. Den midterste sa den var for kort på armane. Den minste sa den var for stor. Dotter i huset fekk difor lov å ta gensaren med på Sykafè i Raudaløo. Og snipp snapp snute, gensaren vart til ei pute"


Katten litt skeptisk, men godtok den nyankomne!!

Eg er så stolt, for med god hjelp frå "Marihøno", støtte frå "My Dream" og selskap med 2 andre sydamer, så fekk eg da te. Og den blei så fiiin. Eg skal difor nyte fridagen, med å sjå på den nya puto mi!



mandag 30. januar 2012

Heklerier


Green Gate koppane er fantastiske. Men når eg skal drikke te av dei, vert koppen ganske så varm og fingrane mine er ikkje herda nok til å tåle det.

Resultatet vart då å hekle ein haldar til å ha utanpå koppen.

No er det ingen problem lenger!


Eg har nettopp lært meg å hekle. Dette er det eg øver meg på. Målet er ein gong å hekle eit teppe med "bestemorsruter".


Litt skakk, men super god!!!

Nydeleg vær i dag og. Eg skal snart til legen, etter at noko pussestøv etc har festa seg på auga og vil ikkje vekk. Sånn e da å bygga hus.

søndag 29. januar 2012

Heldige oss


som bur i Omvikedalen. 

For vi har nemlig fått oss ny grillhytta i Åsen.


Ove Stokka har bygd den, og det er  tydeleg at han har auga for detaljar.


Maur?

Ja, det er det nok av i Åsen. Men vi satsar på den held seg vekke frå pølsene vi skal grille her.


Inngang frå "baksida".

Dørene er beisa, klare til å hengslast på.



Katten passar på.


og hanen galer.


Veldig flott resultat. Vi gler oss til å ta denne i bruk. Offesiell opning vert etter påske.


I dag har vi vore veldig heldige, det har vore sol og vindstille, kaldt og klart. 

Eg fekk meg ein tur i morgontimane, heilt aleine. Eg likar å gå tur, mens eg ser at bygdo våkne til liv ein søndag føremiddag.

Tullemor kasta opp i går, så vi har hatt ein roleg ettermiddag, mens gutane har vore i Fjellhaugen.