torsdag 13. oktober 2011

Palletrapp


Europallar er jo verkeleg "inn i tiden". Vi har ei skikkeleg palletrapp opp til nyahuset.


Inngangspartiet.

Takpanner er på plass. Endeleg var det opplett nokre dagar, så snikkeren kunne setje inn takvindauga og. Eit på kjøkkenet og eit i trappeoppgangen.


Husbonden sjølv i døropninga.

Mykje er ferdig utvendig, og det er ganske greitt med tanke på at vi har nok mykje å gjere etter at vi har flytta inn og, som blandt anna maling... innvendig skal vi leige folk til å gjere jobben.


Blir nok bra til slutt, sjølv om det framleis er litt som gjenstår. Vakker haustdag i vakre omvikdalen.




Innvendig er isoleringa godt i gang.


Kjøkkenet med utsikt oppøve dalen. 
Her skal spisebordet stå.

Junior har haustferie. Mannen kom heim to dagar før han eigentleg skulle. 2,9 kg Quality Street. Tullemor som sjølv ynskjer å ha på "kjole" i måro. Hotelltur til Bergen med alle 3 goingane mine... 

detta blir ei bra helg!

God helg alle saman!