torsdag 1. mars 2012

Bad nede


Her er badet vi skal bruke sjølv. 

Innredning frå Linn Bad, type "Ingrid". 


Dusjen er Showrama 8-5 frå Ifø.



Baderomsplater på veggane og golvbelegg på golvet. Lettstelt og fint!

Takk for alle tilbakemeldingane om kjøkkenet. Og det blir BEGGE lampane. Gler meg masse til dei er på plass.

onsdag 29. februar 2012

Kjøkken lykke!


Etter 2 års planlegging, grubling, frustrasjon og glede, er huset vårt snart klart!
Kjøkkenet er frå Kvik, Mano Høyglans. Eg er veldig fornøyd.
Mannen klaga litt på at det var litt vrient å montere, men han har gjort ein kjempejobb.


Mykje benkplass er eit must for ei som likar å bake, og ein mann som likar å lage mat.
Dobbel vaskekum, som eg har skrive om før. 
Stort kjøleskap utan frys nede... sånn at vi får plass til ALT.
Steikeovn med "sjølvrensande" program. Går det an å få det betre.



PH- lampane står klare til montering.
Spørsmålet mitt til dykk; skal eg ha begge eller bare ein?

Dei vil eventuel henge ved sida av kvarandre med lik høgde. 
Og dei skal henge over kjøkkendisken, då den er stabil medan kjøkkenbordet kan flytte på seg!


Nyvaska og klart til bruk.

Sjå da fantastiske golvet!



Mannen jobbar på spreng for å få klart alt elektrisk og at vi får vatn i golv og tank.
Eg bare klør i fingrane etter å flytta inn. 
Lørdag skjer det, fordi eg må på jobb fredag. Men alt MÅ vere så og sei klart før tysdag...Det skal vi få til!