fredag 25. april 2014

To timar aleine heime


resulterer i litt småendringar i stova...
Eg kunne lagt meg på sofaen og lest eit blad, 
eller strikka ferdig puta eg har halvferdig.

Har for mykje energi i kroppen for tida,
og kan ikkje sitja stille då.


Når eg skal friske opp i stova, eller ommøblere litt,
samlar eg alt "stasjet" på ein plass.
Så tørker eg støv og vaskar,
før eg set det "ut igjen".

Det vert så mykje ryddigare og lettare,
og så ser alt nytt ut.



Acapulco stolen og Hay DLM bordet er alltid med!

Nykommarane LoveBirds som eg vann på ein give away hos Resignert,
er eg nesten litt nyforelska i...


Snudde sofaene med ryggen mot vidauga og mot døra.

Alltid kjekt med litt forandringar,
skal liksom ikkje så mykje til.


Mange favorittar samla på ein plass.
Så får vi sjå kor lenge dette varer.

Ganske nøgd så lang.

Skandinavia sofa frå Bolia
Como Betongbord frå Bolia
Pledd frå Funkle
Kubus 4 frå Bylassen
Sjølvsydde puter