lørdag 15. mars 2014

Vårlig dagslys



God laurdagsmorgon alle fine lesarar! 

Etter ei heller vindfull natt, våkna vi i dag 
opp til nesten vindstille,
fin temperatur og opplett vær.

Vinteren har gått forbi oss i år,
og vi har berre hatt ein dag med snø,
og det var på junior sin bursdag 6. desember.
Er litt spesielt å ikkje ha snø,
og eg er glad vi er heldige som kan reise og oppsøke snøen,
stå på ski og kose oss.


Når våren no er i anmarsj,
kjem og det deilige flotte dagslyset.
Å stå opp kl 7, og huset er fullt av flott lys.

"Har vi forsove oss, mamma?"

Ja, det spurte junior meg om ein morgon.

Men nei, kjære, vi går mot lysare tider
på alle måtar!!



I stova har eg no sett ei Expedit hylle frå Ikea,
kjøpt brukt hos ei god veninne.

Draumen er dei flotte Montana hyllene,
men må sei at dette er eit veldig godt alternativ,
enn så lenge.

Med skuffe og skap innsatser,
er den fin, praktisk og sklir rett inn i miljøet.


Flyttar som vanleg litt rundt på ting og tang,
og er ganske så fornøyd med interiøret no.

Fotografen sjølv viser seg i spegelen!!
Med kosebukse og kamerastativet i handa....er det mulig.
Får ikkje rette posisjonane med stativet,
så då tar eg det i handa likevel.
Ser sikkert proff ut då du!

Litt nytt og litt gamalt,
og så blir alt så nytt med ny plassering!

Fin fin laurdag til alle saman,
og spesielt velkommen til nye følgarar!
Håpar de vil trivast her hos meg!

Så til slutt, 

nesten 2000
treff på innlegget om 
tapetinspirasjon som fekk 
galleriplass hos NIB!!!

WOW,
det er stort for meg!