onsdag 19. mars 2014

Eg har Norges finaste kosekrok!!!



Med dette bildet har eg vunne konkurransen om

Norges finaste kosekrok



Det heile byrja ein kveld i januar.

Bladet Kamille utlyste ein konkurranse på Instagram
om å vise vår finaste kosekrok.

Det var 196 bidrag med kosekrokar i alle fasongar.

Eg styla kroken der eg ofte sat og las blad i vinter,
ved sida av peisen,
og knipsa eit bilde som eg sendte inn!

Etter ei stund fekk eg melding frå Kamille om at mitt bidrag
var plukka ut, saman med 5 andre,
til å komme i finalen.

-Eg var mildt sagt i sjokk-


Saman med desse flotte bilda skulle eg konkurrere om
den gjeve tittelen om å ha 
Norges finaste kosekrok.

Bileta vart presentert i bladet, og no var det opp til lesarane 
å stemme på sin favoritt.


Så for to veker sidan fekk eg telefonen frå skjønne
Aleksandra i Kamille, 
som kunne gratulere meg som vinnar i konkurransen.

No er bladet komme i postkassen til alle
abonnentar og då er det vel bare å gle seg over dette!!

Eg har vore veldig spent på reportasjen i bladet,
eg har aldri vore i eit blad før,
og så gøy at det er nettopp Kamille!
Det ser veldig bra ut.

Tusen tusen tusen takk til alle
som har stemt på mitt bidrag,
eg set så utruleg pris på 
kvar einaste stemme.

Dette er veldi stort for meg.


6 kommentarer:

  1. Detta fortjene du Solveig !!

    SvarSlett
  2. Gratulerer så mye!
    Nydelig bilde av den herlige kosekroken din.

    Fin dag til deg!
    - AC

    SvarSlett
  3. Gratulerer med kjempkos krok♥
    Klem Charlotte

    SvarSlett
  4. wow så gøy
    gratulera
    herlig krok
    kos deg
    klem eli:)

    SvarSlett
  5. Gratulerer så mye, flott kosekrok!!))

    SvarSlett