lørdag 19. mars 2011

Og vinnaren er....


Junior er den faste "trekkaren" på give away her i huset. Og i kveld har han fått vere oppe til pappen kom heim ( 21.45 ). Vi såg "Nemo" på dvd, og ho mor sov sitjande medan guten var lys vaken.

Før han la seg førtok vi høgtidleg trekking av gåva, og vinnaren vart:

 Gratulere til Kjersti!! Send meg adressa di på solveighus@yahoo.no så kjem den i posten plutselig!

Og det er ikkje over enda.....følg med dei nærmaste dagane, så dukka det kanskje opp ein ny vinnarsjangse!!

Og jula varer heilt til påske...


Idag har det vore bruktmarked ( loppis) i Dalheim. Eg lokka ungane med, ved å lova dei å kjøpa vafler. Og då var dei ikkje vanskelege og be!!


  Sidan eg kom litt "seint", i høve loppemarked tid ( dvs at eg ikkje var der då det opna, eller stod i kø for å komme inn!) var det ikkje så mykje spanande.


                                 Men to store kakeboksar for 10 kr, ja kven kan vel gå frå det?


                         Synst dei var veldi skjønne. Og kven har sagt at det må vere kaker i dei?


Nett no kjenner eg meg veldig tom. Eg er skuffa over folk som ikkje held det dei lovar. Denne gangen påverkar det fleir enn det som er nødvendig. Inspirasjonen til å blogge falt i takt med humøret.

                         I kveld kjeme mannen heim. Og det vert trekning av gåva!! Så følg med!

mandag 14. mars 2011

Har du lyst på ei gåve?



Det er igjen tid for meg å gje ei gåve til ein av lesarane mine. Det som inspirerer meg til å forsetje å blogge, er jo at det faktisk er nokon som leser bloggen, som ventar på eit nytt innlegg, og som gjer meg gode tilbakemeldingar på det eg bloggar om.

Eg er alltid nysgjerrig på kven som faktisk les bloggen!

1 lodd for å kommentere under dette innlegget.
1 lodd for å vere eller legge seg til som følgar
1 lodd for å linke om konkurransen på bloggen sin

Her går det alltså an å få 3 lodd, og det er fint om du skriv i kommentaren kor mange lodd du tar!

Gåva er eit skilt "Home Sweet Home" og ein pose Jordgubbar!! Kjøpt på Stemning, og no kan den bli din!!

Lykke te!

søndag 13. mars 2011

Make over



Innimellom ein travel "aleinemor" tilværelse, prøver eg å få unna litt småprosjekt eg har på gang. Målet mitt er at alt eg har planar om å male ( og det er ikkje lite...) skal malast FØR vi flyttar i nytt hus. For eg har ein liten anelse om at det er nok å gjere når vi endeleg er i hus.

I dag, mens tullemor teikna med nye fagar ho fekk til bursdagen, og junior var inne i Pokemon verden, trekte eg om puta i denne benken min.

                                                  
                                                                Den såg slik ut før.



Dette trur eg er det mest praktiske møbelet eg har. Ungane har kvar si korg under, med hue, skjerf, vottar og anna som er i bruk dagleg. Her vert det bare lagt opp, og ungan efinn fram sjølv når dei treng noko. I tillegg kan eg sitja her og kle på dei, eller rett og slett legga frå meg ting....



Ikkje alltid så lurt å ta bilde av ein spegel, då de kan sjå rotet bak. Eg ler litt for meg sjølv!! Men eg ville vise at den høyrer til ein spegel.

Kjøpt på Stemning i Rosendal, for gåverkort eg fekk til 30 års dagen min! ( Var det i fjor mon tru?)

No skal støvsugaren fram. Ei fin helg er over. I dag morges var det mellom 5-10 cm snø her hos oss. No regnar det. Eg håpar bare det ikkje frys på i natt, for då vert det mykje is her!!!