lørdag 23. februar 2013

Morgonstund


"Morgonstund har gull i mund."

Morgonane i helgane startar ganske tidleg her hos oss.
Sidan vi fekk fyrstemann har dagen starta svært tidleg.
Frukosten er som oftast eten rundt kl 8,
og vi er klar for lunsj,
når andre står opp.


Eg er eigentleg eit A menneske, så det går som oftast greitt.
Han eg er gift med er vel heller type B,
og kunne godt tenkt seg å drøya dagen litt.
Som regel går ting greitt,
men eg kan nok surmule litt når eg "alltid" må stå opp fyrst....

Vi et alltid rundstykker til frukost i helgane, egg høyrer med og ikkje minst
god kaffi!


Mitt bidrag til NIB si utfordring denne månaden er dette bildet.

Det er lov å leike seg litt,
og eg treng ikkje alltid vere så "seriøs".

Sjå dei andre flotte bidraga her.



God laurdag alle saman.
Velkommen til nye følgarar,
håpar de vil like dykk her hos meg!

fredag 22. februar 2013

DIY-Pompong av silkepapir


Tullemor har snart bursdag, og eg har ein plan om å pynte med fargerike pompongar.

Tenkte å vise dykk korleis de enkelt kan lage dei.
Eg har brukt silkepapir, då det er lett å forme.
Kan og bruke serviettar.


Eg tok eit heilt silkepapir,




delte det i 4 like lange deler.


La dei oppå kvarandre, og bretta dei som eit "trekkspel".




Når eg hadde bretta heile, tok eg ein hyssing og knytte saman på midten.


Til slutt byrja eg forme og "krølle" silkepapiret slik eg ville ha det.


Silkepapiret er lett å forme, og eg "danderte" det sånn at det dekka over hyssingen.


Vart rett og slett veldig fornøyd.


No ligg dei råsa  ved sidan av dei nye flotte blomane mine, Calla liljer, i samme farge!

Ny såffan


Draumer om to slike 2 1/2 seters sofa frå Bolia, i merket Skandinavia.


Como bord med betongplate i nature farge,
kan og få komma heim til meg.

Av og til går draumar i oppfylling,
og sparepengane kan takast i bruk.

20 % på alle varer hjå Bolia no og ei veke til.

Eg trur eg slår til!


onsdag 20. februar 2013

Vaffel


Eg likar afler

Hæ, likar du afler?

Dataen min er litt rar innimellom. Ein periode ar det y-en som ikkje ille....ville...
No er det v-en som ikkje alltid vil.

Eg likar Vaffler!


Denne vaffelen brukar eg dagleg,
'men lagar ikkje vafler like ofte.

Eg må innrømme at eg ofte er borte på "Fristelsar" og kjøper vafler med spekeskinka.
Har du prøvd den?
Kan anbefalast på da sterkaste.


Perfekt bordskånar.


Dette er enda ei av dei flotte julegåvene eg fekk.
Kjøpt på Ting!!

Så kjekt at de vil vere med på Give Awayen min,
og velkommen til nye følgarar!

I dag er det foreldremøte og klubb med dei beste,
imåro reiser mannen på jobb i 2 nye veker,
og vi blir aleine i vinterferien...
Ja, ja, kan ikkje anna enn å gjere det beste ut av det.

søndag 17. februar 2013

Give Away





Med så mange flotte følgarar og lesarar på bloggen min,
må eg no gje noko tilbake til dykk.

Det er klart for ny give away her hos meg.

Denne gangen kan du ville dette skjønne fuglehuset i tre, eller


desse 3 flotte trehjarta, som du kan skrive på med kritt etc.

Begge premiane er levert av Fredheim Blomster,
favoritt arbeidsplassen min ;-)

Og ikkje nok med dette,
 dersom du "likar" Fredheim Blomster på Facebook,
er du med i trekninga på ei overrasking når vi passerer 300 likarar.
Så her har du faktisk fleire sjangsar til å vinne.

Reglane denne gangen er:
1 lodd for kommentar under dette innlegget.
2 lodd for å like Fredheim Blomster på Facebook her
2 lodd for å legge deg til som følgar på bloggen min
2 lodd for å linke til denne give awayen på din blogg eller på facebook.

Alle kan delta. Dersom du er "anonym" ber eg om at du legg igjen epost adressa di.
For anonyme; 
skriv inn kommentaren,
velg så "anonym" på "kommenter som".

Bruk bildet under dersom du vil linke!

Trekning vert søndag 10.03.2013

Lykke til alle saman!



Ommøblering på gang


Trommelbordet eg fekk av ei god veninne i innflyttingsgåve!

Får du av og til behov for endring?

Helst dei dagane der du er på det mest slitne, trøytte og har bare lyst å legga deg på sofaen og håpa at dagen snart er over?

Kjenne te da.

Sånn e da her i huset.

I går var fyrste laurdagen etter at mannen reiste på jobb, og det er aldri noko god dag.
( ei veninne meinte det burde vere ulovleg å reise på jobb ein fredag, eg kunne ikkje vore meir einig)

Men vi valgte å reise på bading i varmebassenget med gode venner,
og det var veldig lurt.....ei stund iallefall ;-)



Ikkje dei store endringane, men eg har;
bytta om på 2 og 3 setaren
teke ut salongbordet og lagt det ut for salg
bruker no trommelbordet til bord (takk for tipset,Hilde!)
Flytta Expedite hylla bort på veggen ved døra
og endeleg funne plass til dei to setteborda mine!


Pusur tar det heile med knusande ro,
men lettar på auga innimellom.

Fuglahuset de ser i hylla kjem snart på Give Away!!



Den gamle trekassen med alle spel og puslespel i,
står no her i stova.
Mulig innhaldet vert endra snart, men er kjekt å ha det tilgjengeleg.


Morsdagsbuketten står nesten lika fint ei veke etter!!

Lykta frå Perfect Home kom no verkeleg til rette.

Sånn er søndagen her hos oss!

Velkommen til nye flotte følgarar,
eg set pris på dykk kvar og ein!

I kveld kjem det nytt innlegg med Give Away! 
Følg med.