onsdag 7. september 2011

Ny sveis, og litt hus


Tullemor har vore hos frisøren i dag, for fyrste gong.


Ho ønska sånn sveis som broren pleie å ha, hanekam med blå spray...


Trur ho blei litt skuffa, for ho sa: " fekk jo ikkje sveis eingong :-(" då vi kom ut i bilen. Stakkar vetle Skrubben min!


Siste nytt frå huset, er vel mest til brasilianaren min...men til dei som likar å følge med og!


Er dette siste nytt innan ytterdører? Sibirs lerk er bare nydeleg iallefall.




Lure litt på kva planen vår er her??

Og til alle dåke som likte Uhuu-en min....følg med i måro...for snart kan kanskje du få deg ei og???

mandag 5. september 2011

"Mamma, pakke i posten"


Tullemor har fått jobben med å hente posten når vi kjem heim om dagane. I dag ropte ho: "Mamma, pakke i posten". Eg gjekk bort, og rekna vel med at mannen hadde bestilt noko frå Kina. Men det sto faktisk mitt navn utanpå!!!


Det var premien frå "Husmordronninga" sin Give away!!


Alt dette var oppe ei flott eske. Eit skilt frå Kremmerhuset : " A smile is the prettiest thing you can wear", eit duftelys, sjokolade/karamellar, bordkort, og ei Kokeshi dukke frå Søstrene Grene. Oh my god alltså!!


Tinga er plassert og lyset tent på. Her luktar nyvaska kle i heile huset, og det er ei god lukt!

Uhuuu er med.


Eg smiler iallefall det eg kan, stort sett. he he, utanom når eg frese då...


Denne skal brasilianeren få når han komme heim, om ei og ei halv veka...

Tusen takk, Kjersti. Gåva var super!