torsdag 31. mars 2011

Bloggpåvirka??


Bloggpåvirka, eg?? 

Ja, det er bare å innrømma da....eg blir påvirka av det eg les om på diverse bloggar: 

- Tallerkenhylle, kva skal ein no med det?? Eg har skaffa meg to.

- Settekasse? Den trur eg er kasta...heldigvis hadde kjære Heidi ikkje rydda ut av jenterommet enda, så eg fekk hennas. Den skal malast og "pimpast".

- Pimpast? Ja, det heitter visst det!

- Cupcakes! Kva skjedde med muffinsen?

- Norgesglas til vase? Ja, det skulle besto sett.

- Green Gate....Kven klarar seg utan?

- Ektorp: den hadde eg faktisk frå før.

- Og sist men ikkje minst; Durance. Har eg i det heile klart å få ting reint før eg skaffa meg den??


tirsdag 29. mars 2011

Ein motivator fekk motivasjon


I det eg låste meg inn på kontoret mitt i dag, fekk augo mine sjå ein rosa ( ja, tenk, den var rosa!) pakke på pulten min.

Kven er den til? 

"Solveig" stod det på kortet.

"Selv en motivator trenger litt motivasjon av og til!"
En liten hilsen fra Gunhild



Inni pakken var denne utruleg  flotte hjerte boksen, med rosemønster på. 


Og eit Green Gate krus.....med rosemønster.

Tusen takk, Gunhild. Eg er framleis litt mållaus og "satt ut". Og set veldi pris på deg, min kjære kollega. Det er sånne kollegar som gjer ein av og til tøff jobbkvardag, verdt å forsette med det vi held på med! At du kjenner meg så godt som dette, viser at vi som kollegar tilbringer mykje tid saman, ofte meir enn med andre vener og familie, faktisk. 

Samstundes må eg få takke den flotte gjengen eg var saman med på fredag. I morgon er siste dagen saman med Veronica på jobb, som eg kjem til å sakne veldig!! Takk for den du er for meg!

mandag 28. mars 2011

Det enkle er ofte det beste!


Eg er vel kjent for å vere ganske effektiv, når eg bare sette i gang...

I dag har eg baka knekkebrød, eg er nesten blitt litt avhengig av dei etterkvart. Då eg og 3 veninner var til Bergen sist onsdag, såg dei bare rart på meg då eg fortalte at eg hadde skinka og paprika på knekkebrøda. Det var bare ost ein kunne ha på knekkebrød, meinte no dei. "Dåke har gått glipp av noko", meine no eg!

Kveldsen i dag er sjølvsagt nysteikt knekkebrød, som sjølvaste mannen steikte mens eg var på tur!


Te og kaffi er eit must kvar dag. Etter kl 18, drikk eg bare te. Eg pleier sovne lett når eg legg hovudet på puta, men minnene om søvnlause netter etter for mykje kaffi på kveldstid, sit som spikra.


Etter mange ulike te-kjøp og testing, kjem eg alltid attende til den vanlege "Four red fruit" frå Twinings. Men eg varierer innimellom, og det siste tilskuddet frå Oslo var svært vellykka.

No ventar eg på at mannen skal komma ned frå lesing til junior. Han skal sjekke om vi har alt utstyret, sånn at eg kan byrje male på skoskapet.

søndag 27. mars 2011

Sydensnop og utfordring


Bloggesperre heitter det visst når ein ikkje har innlegg på nokre dagar.

Her vart det ein slik pause, etter ei hektisk veke, og manglande inspirasjon til "kva eg kan blogge om"? Så eg hadde vel ei bloggesperre kanskje.

Eg kunne jo uansett ha svara på spørsmåla i utfordringa eg fekk av Kalas Mystiske Hjørne:

Spørsmål 1: Kvifor starta du og blogge?
Eg starta bloggen min som ein bryllaupsblogg, med informasjon til gjester og andre om førebuinga til bryllaupet vårt 20.06.2009.

Spørsmål 2: Kva bloggar følger du?
Eg føl mange bloggar fast. Du kan sjå på blogglista mi, så ser du kva bloggar eg er inne på.

Spørsmål 3: Favoritt makeup merke?
Eg bruker ID minerals pudder, MaxFactor maskara, Dior øyenskugge, solpudder og lipgloss.

Spørsmål 4: Favoritt klesmerke?
Tja, eg veit ikkje heilt. Eg bruker mykje forskjellig frå HM, Vero Moda, Vila etc

Spørsmål 5: Ditt "må ha" makup produkt?
Maskara

Spørsmål 6: Favorittfarge?
Rosa

Spørsmål 7: Favoritt parfyme?
Hugo Boss Femme

Spørsmål 8: Favoritt film?
Nothing Hill

Spørsmål 9: Kva land vil du besøke og kvifor?
Oj, vanskeleg.....er så mange...

Spørsmål 10: Kva gler du deg til i nærmaste framtid?
Familieferien til Mallorca i juni

Eg sender denne utfordringa vidare til dei bloggarane som les min, som ikkje har fått denne før!!



Viser dåke kva eg fekk av mammo mi som kom i frå syden i dag. Ho har vore vekke i 5 veker. Masse tyggis!


Bling bling klokka

Og ein pose gul M&M.

Den må sparast til neste lørdag. Eg var nemlig på vekta i går, og no er det litt skjerpings frametter...

Ha ein super søndagskveld. Mannen kom nett heim frå fest på "stavangerviddo", og eg skal ut og trimma meg litt!