torsdag 12. mai 2011

Glimt frå klubb






Bilda får sei det som er å sei i dag!

Paien vart det gløymt å ta bilde av, men smakte fortreffeleg. Godt selskap og mykje glede. 

Klubb er gøy!

onsdag 11. mai 2011

Smoothie!!

                                                                             

2-3 dagar i veka, vil ungane her i huset ha smoothie til kvelds! 

Gjer jo ingenting at mammo har frysen full av frosne bringebær, bjørnebær og blåbær då. 

Blande saman bær, banan, yogurt, nokre spiseskeier havregryn og litt biola eller juice, og vips har vi ein sunn, mettande og fresh kvelds!


Nam nam


Mammo er i full gang med å lage til klubb for 7 damer i kveld. På menyen står pai og salat. Til dessert vert det nysteikt brownies ( Møllerens er best!) med is og jordbær! Bilder kjem i neste innlegg!

Ha ein super kveld, det skal eg!

mandag 9. mai 2011

Slutta med bleia!!!


Kaptein Sabeltann har faktisk slutta med bleia. Og då måtte ho jo få premie.


Sparkesykkel med "Vennebyen" motiv fall sjølvsagt i smak.


Eg måtte leita forbi Hello Kitty, Barbie og prinsesse sparkesyklar, og stod att med denne og "biler".


Nett no var ho visst meir oppteken av Mikkes Klubbhus på tv, enn å smile til kamera!!

Litt uhell er der enda. For denne tøtto er så oppteken, at ho gløymer ut heila do-gåinga. Men i barnehagen i dag hadde ho vore svært påpasseleg med å gå på do, for mamma hadde lova ho premie!!